– Eg trur det kan koma til å enda med at posten blir frakta ut kvar veke. Ei mellomløysing på vegen dit vil naturleg vera postgang annankvar dag, seier ho i ei ny bok, ifølgje Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Endringane i postgangen kjem fram i boka "Den store forvandlingen. Posten i en digital tid". Det er programleiar Jan Ove Ekeberg i TV 2 som har skrive boka, som blei lansert onsdag denne veka.

– Uansett korleis dette endar, blir det vanskeleg å forsvara ombering av post fem dagar i veka særleg lenge. Dersom politikarane ønskjer hyppigare postgang enn det som kan forsvarast i marknaden, må staten betala for det, meiner konsernsjefen.

Mellomløysinga med postgang annankvar dag, bortsett frå i helgane, betyr levering måndag, onsdag og fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den neste. Posten har lagt fram synspunkta sine på dette for Samferdselsdepartementet.

– Kor dette endar og kor fort det går, veit ingen i dag. Men retninga er klar, seier Wille i boka.

I Stortingsmeldinga "Postsektoren i endring", som Stortinget behandla i fjor haust, heiter det at "Neste steg er færre omdelingsdager".

I Danmark har overgangen til digital postgang kome noko lenger enn i Noreg. Danskane legg om til postgang éin dag i veka frå 1. januar neste år.

(©NPK)