Elevane Johanna Magdeli Pettersson Utvær, Eduard Gouron og Sander Øen Omberg frå 2 RMA skal representere Måløy Vidaregåande Skule i finalen i Tine MatCup.

I semifinalen i Tromsø denne veka gjekk dei til topps og er no klare for finalen under NorgesCup for kokk- og servitørlærlingar i Stavanger i slutten av februar 2018. I semifinalen har dei konkurrert mot fem andre lag frå Narvik, Mo I Rana og Tromsø. Det var seks semifinaler spreidd utover heile landet. Arrangør av konkurransen er Tine og Norges Kokkemesteres Landsforbund, fortel skulen i ei pressemelding.