Stryn og Hornindal revmatikarlag, som har venta på eit nytt varmtvassbasseng i 11 år, er skuffa over at midlar til varmtvassbasseng i Stryn igjen er ute av det kommunale budsjettet som no er på høyring.

– Det er mange fleire enn revmatikarar som har behov for trening i varmtvassbasseng som held 34 grader. Til dømes reduserer det og opptreningstida for pasientar etter hjarteinfarkt. Eit varmtvassbasseng vil bidra til at fleire held seg friske lenger. Det kjennes som vi ikkje blir tatt på alvor når bassenget nok ein gong er prioritert bort, seier Magnhild Berge, leiar av Stryn og Hornindal revmatikarlag med 55 medlem.

– Vi er vel ikkje dei som skrik høgast, så det er vel lett å skubbe på dette. Det er som vi blir haldne for narr, seier Svanhild Sande.

Medlem i Stryn og Hornindal revmatikarforbund har sidan 2012 nytta varmtvassbassenget i Volda ein gong i veka.

Volda Stryn og Hornindal revamatikarlag nyttar varmtvassbassenget i Volda ein gong i veka. Foto: Kaia Johnsen Viki

– Krevjande budsjett

Bassenget gjekk altså ut av det kommunale budsjettet for å gi innsparingar på kr 1 million kroner i 2020 og kr 30 mill. året etter. Inn i budsjettet gjekk m.a. barnehage i Loen med kr 5 millionar og forskottering av gang- og sykkelveg Loen – Solvik til 25 mill.

– Det er ikkje feil å bruke pengar på gang- og sykkelveg i Loen, for det er naudsynt, men bassenget låg ferdig i budsjettet. Det er klart vi blir skuffa når det plukkast ut, seier Brita Høgalmen.

Stryn sin ordførar seier prioriteringane i budsjettet har vore krevjande å handsame.

– Det er utfordrande å måtte ta ut store prosjekt som dette, men i erkjennelsen av den vanskelege økonomiske situasjonen vi er i frå 2020, må vi prioritere knallhardt. Eg er nøgd med at det er tre parti som stiller seg bak endringsframlegget som gir eit budsjett med rom for vekst, seier ordførar Sven Flo om budsjettendringane.

– Vanskeleg å vere optimist

19. desember skal saka avgjerast i kommunestyret, men det er lite optimisme å spore i revmatikarlaget om endringar.

– Det er vanskeleg å vere optimist etter alt som er skjedd. 11 år er lang tid, seier Høgalmen.

Leiaren av laget, Maghnild Berge, trur det må meir kunnskap om revmatisme til for å sjå gevinsten av eit slikt basseng.

– Det er fleire enn ein trur som lir av dette. Eit varmtvassbasseng ville gitt færre sjukmelde og fleire ville heldt seg lenger i arbeidslivet. Det er ein gevinst i andre enden som ikkje blir vektlagt nok, seier Magnhild Berge.

I følge Norsk Revmatikarforbund sine nettsider er det meir enn 300.000 mennesker i Norge som lever med ein revmatisk diagnose. Dei fleste revmatiske sjukdomar er kroniske og medfører stivheit og smerter i ledd og musklar, men ved nokre diagnosar kan og huda, lungene, slimhinnene og andre organ kan bli ramma.

Det finnes over 200 forskjellige revmatiske diagnoser. De ulike revmatiske sykdommene kan arte seg veldig ulikt, men felles for dem alle er at en tidlig diagnose og tilrettelagt behandling sammen med livsstilsendringer kan gjøre stor forskjell for livskvaliteten til den som lever med sykdommen.

Trening i varmtvassbasseng på 34 grader skal ha ei svært gunstig effekt på ei lang rekkje av plagene.