Jens Isehaug, som driv Isehaug kafeteria og Johans Pub i Stryn, søkte om utvida skjenketid, ein ekstra time for dagane 26.-28. desember. I dag er skjenkinga til kl. 01.00. Søknaden vart avvist av eit samrøystes Helse- og sosialutval, i tråd med rådmannen si tilråding.

No ser heller ikkje klagen på vedtaket ut til å nå fram, ein klage sendt inn av Isehaug Kafeteria, Stryn Kaffebar & Vertshus, Napoli Pizzeria og Restaurant 34, alle i Tonningsgata.

I vurderinga av klagen skriv mellom anna rådmannen:

- Det var fleire grunnar til at det vart avslag på søknadane om utsett skjenkestopp. Men det avgjerande punktet er punkt 11.5 i Rusmiddelpolitisk handlingsplan. Dette er ein relativt ny plan som vart rullert i 2016 og godkjent i kommunestyret 31.03.16. Då den var rullert var det eit omfattande arbeid med uttale og framlegg til innhald i planen frå eit vidt spekter av aktørar, også frå næringslivet. Under rulleringa var ikkje spørsmålet om utvida skjenektider i romjula eit tema.

Tilrådinga er at avslag på søknad om utvida skjenketid står ved lag.

- Søkjarane skriv i sin søknad at juledagane er eit potensiale til å tene pengar i ei elles mørk og stille årstid. Ved utarbeiding av rusmiddelpolitisk handlingsplan var det brei semje om at jfr punkt 11.4 n) «økonomi skal i seg sjølv ikkje vere avgjerande for tildeling av skjenkeløyve». Dette vert tolka slik at ein ved tildeling av skjenketid ikkje skal ta hensyn til økonomi. Det er i klaga vist til kommunane Eid og Volda som har utvida skjenketid i romjula. Dette er nedfelt i deira ruspolitiske handlingsplanar. Det er andre nabokommunar som ikkje har utvida skjenketid, det er difor ikkje ein regel at alle nabokommunar har utvida skjeknetid, står det vidare i tilrådinga.

Saka vert handsama i formannskapsmøtet onsdag førstkomande. Administrasjonen meinar elles at spørsmålet om utvida skjenketid i romjula, og eventuelt i påskeveka, må takast opp som tema ved rullering av Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Stryn kommune.