At lysforholda i Tonningsgata ikkje er gode nok er ikkje noko nytt, og Fjordingen har omtalt saka tidlegare, mellom anna i 2014.

Om ein tek seg ein runde i hovudgata i Stryn på kveldstid så skjønar ein godt at ein bør passe på, både den som køyrer bil og den som skal krysse gata. Lyspunkta er fleire stader ikkje plassert ved sjølve overgangsfeltet, men nokre meter ved sidan av. Dette gjer at det er bekmørkt ved fleire av fotgjengarovergangane, og det kan vere vanskeleg å sjå ein person som kryssar gata, spesielt om vedkomande ikkje har refleks. I regnvêr blir det endå verre.

Diskutert fleire gonger

Driftsingeniør i Stryn kommune, Tor Guddal, fortel at lysforholda i miljøgata har vore oppe til diskusjon med Statens vegvesen mange gonger, og at det med tre års intervall blir arrangert trafikktryggingsmøte med vegvesenet. Møtereferat som Fjordingen har fått tilgang til stadfestar at lysforhold og gangfeltbelysning har vore mellom sakene som er teke opp på desse møta. Belysning er også spelt inn som tema som må takast opp på neste møte med Statens vegvesen, blant anna i ein intern e-post i kommunen.

– Vi er kjent med at det opp gjennom åra har vore beskjæring av trea i gata, både for generelt stell og for betre belysning av gata, i tillegg til at armaturen i veglysa har blitt vaska, seier Guddal.

Midlar til oppgradering

Seksjonssjef for plan og forvaltning i Statens vegvesen Region vest, Vigdis Lobenz, seier til Fjordingen at ein er i gang med ein rehabiliteringsplan av Tonningsgata:

– Vi er godt kjende med lysforholda i gata, og vi er klar over at lampene ikkje lyser like godt som ønskjeleg. Det har vore teke opp fleire gonger at det er ønskje om betre lys gjennom Tonningsgata. Vi har planar om å rehabilitere gata, vi vil difor ikkje setje i gang utbetringstiltak før reguleringsplan og byggjeplan er klar. Det ligg inne midlar til oppgradering, men ikkje før etter 2019.

Endra krav

– Gata er nokre år no, og krava til mellom anna belysning er endra. Vi skal sjå på om det er behov for vask av eksisterande lamper slik det vart gjort for eit par år sidan. Vi ser fram til at gata får eit lite «ansiktsløft» etter kvart, seier Lobenz.

I tillegg til at det er mørkt er fleire av dei kvite stripene i overgangsfelt erstatta med asfalt grunna slitasje. Foto: Thomas Thaule
Det ligg inne midlar til oppgradering av Tonningsgata, men ikkje før etter 2019. Foto: Thomas Thaule