Johannes Thingnes Bø vann ein sterk 20-kilometer i Østersund, men avslutta helga med ein sprint og jaktstart litt under pari. Han var difor full av revansjelyst framfor dagens sprint i Hochfilzen i Austerrike.

Og Thingnes Bø synte frå start at her var kun siger godt nok. Eit imponerande langrenn, i alle fall fram til siste runde, og feilfri og rask skyting gjorde han uslåeleg. Trass sterk avslutning av Martin Fourcade måtte han nok ein gong sjå Bø-namnet føre seg på resultatlista. Han kom i mål 12 sekund etter yngstemann Bø. Forcade tok inn ca ti sekund på den siste runden.

- Eg gjorde eit smart og taktisk løp. Eg sette tidleg press på løparane bak meg, og det var litt av tanken, uttalte vinnaren til NRK etter løpet.

Bror Tarjei hang bra med etter første skyting, men fekk ein bom på den ståande serien og enda denne gongen eit stykke ned på lista. Den fysiske formen var ikkje like god som førre helg då han fekk ein etterlengta siger.

- Det var heilt tomt for krefter. Eg har følt meg litt sånn heile veka og brukt mange timar i senga og prøvd å spare opp krefter, men det gjekk ikkje, sa Bø til NRK.