Hoppeliten har flytta seg frå Russland til Tyskland der det er verdscuprenn i helga.

Anders Fannemel avslutta opphaldet i Russland med ein flott sjetteplass søndag etter solid hopping. No håpar honndølen at oppturen held fram i Titisee-Neustadt.

I dag hoppar Fannemel kvalifisering til det individuelle hopprennet som går søndag. Laurdag er sett av til lagkonkurranse, og det norske laget har vunne begge lagkonkurransane så langt i sesongen.

Med på laget?

Mykje tyder på at honndølen vil få hoppe i lagkonkurransen.

– Ja, eg håpar å få vere med på laget denne gong og, seier Fannemel til Fjordingen.