Det blir ikkje mykje tid til å kvile på laurbæra etter triumfen i Østersund for Tarjei Bø. I helga står nye verdscuprenn for tur i Hochfilzen, og allereie i dag står 10 kilometer sprint for tur.

Med sigeren på sprinten i Østersund viste Tarjei til gagns at han er tilbake i verdstoppen i skiskyting. No er det Hochfilzen i Austerrike som gjeld for Bø og kompani.

Skal vere klare

Ifølgje landslagstrenar Egil Kristiansen har Tarjei Bø «landa» etter sigeren førre helg:

– Tarjei er klar, ja. Han har skjønt at han kan hevde seg i toppen og at kroppen no fungerer. Kristiansen kan også fortelje om ein revansjelysten Johannes Thingnes Bø, som trass siger på 20 kilometeren i Østersund skuffa noko på sprinten og jaktstarten.

Tre konkurransar

Resultata frå løpet i dag legg grunnlaget for jaktstarten laurdag (12,5 kilometer). Søndag blir det stafett. At vi får sjå minst ein stryning på det laget er rimeleg sikkert.