Miljøvernleiar i Stryn kommune meiner at hjort er i ferd med å bli eit problem i Stryn.

– Mykje tyder på at det er ein del å gå på. Det er ein stor og overhengande fare for påkøyrsel av hjort. Vi får melding om tre til fire påkøyrsler i døgnet, seier miljøvernleirar i Stryn kommune, Odd Rønningen.

Frå Utvik har han fått melding om flokkar på opp til 40 dyr som vil inn i frukthagane. Rønningen er redd det kan bli store skadar på frukttre og beitemark i vinter. I tillegg kjem skader ved påkøyring av hjort.

Varslingssystem ute av drift

– Strekninga Øvreeide – Ytreeide på rv 15 er ekstremt farleg. Det står flokkar med 50–60 dyr langs vegen, seier Rønningen. Miljøvernleiaren beklagar at varslingssystemet med blinkande hjorteskilt ikkje har fungert som dei skal.

Dei solcelledrivne batteriløysingane i skilta ikkje har fungert.

– Det er viktig at det blir felt fleire dyr i område med frukthagar og langs store transport-årer. Driftsplanane må bli utnytta maksimalt utover i desember. Jaktsesongen varer heilt til jul, seier Rønningen.

Ny fellingsrekord i Stryn

Fellingsrekorden frå i fjor er på 1.005 dyr for Stryn og Hornindal. Fellingstalet for Stryn kommune pr. 6 desember er 917 dyr. For Hornindal er talet 161.

– Tidlegare rekord i Stryn er på 856 dyr, så vi har passert ny rekord allereie. Likevel er det ingen tvil om at det må fellast fleire, seier leiar av Stryn Hjorteutval, Jan Ove Hogrenning.

Han peikar ut spesielt eitt område.

– Langs vegen på Øvreeide må det takast ut ekstra dyr. Det er enormt stor trafikkfare med påkøyrslar av hjort der kvar dag, fortel han. Hogrenning meiner kvota kan justerast, men kan foreslå tal på dette først til våren.

– Om vi får ein hard og kald vinter så vil naturen sjølv syte for å nedjustere hjortebestanden, seier Hogrenning.

Han legg til at årsaka til at hjorten samlar seg lags vegane er det store snøfallet i høgda.

– Hadde det vore mindre snø i høgda hadde hjorten vore meir spreidd. Det trengst meir lys langs vegane no. Der har kommunen eit ansvar, seier Hogrenning.