KM i futsal går av stabelen i Førdehuset i helga. Stryn stiller to damelag og to herrelag i turneringa. Herrane sin nye trenar, Geir Inge Rake, fortel om berre eit par treningar innandørs før turneringa:

– Så lenge det er ok ver så prioriterer vi å trene ute, men vi satsar på å vere med fram til finalane, ja.

Slik er puljane:

Damer

Pulje A: Dale, Førde 1, Hafslo, Stryn 1, Studentspretten.

Pulje B: Førde 2, Høyang, Kaupanger, Sandane, Stryn 2.

Herrar

Pulje D: Askvoll/Holmedal, Førde 6, Gaular, Stryn 1, Tambarskjelvar 2.

Pulje E: Fanaråk, Førde 2, Jølster, Stryn 2, Årdal.