Den freistande lukta av julebakst møter ein alt i det ein rundar hjørnet på den raude trebygningen på Fosnes.

Inne er det ferdige kakeboksar på nær sagt alle opne flater, og i bakeriavdelinga står tre generasjonar Guddal og bakar sandkaker.

Frank Sanchez Guddal har nyleg teke over som dagleg leiar. Mor Oddrun Guddal jobbar også i verksemda, og bestemor Ruth Guddal, grunnleggjar av familieverksemda, er framleis med når det trengst. Og det gjer det når fleire tusen julekaker, over 100 boksar av kvar sort, skal ut til kundane!

Sju sortar – og vel så det

Sju sortar. Det er det ein skal ha til jul. Kva som er dei «sju opprinnelege» stridest både lekmann og lærd om. Ikkje er det fasit å finne hos korkje Schønberg Erken eller Winsnes heller. Ved Matstova AS bakar dei 11, for å vere på den sikre sida.

Sirupssnippar, bordstabelbakkels, brune pinnar, berlinerkransar, sjakkruter, krumkaker, serinakaker, sandkaker, kokosmakronar, videsæterkake og smoltringar. Pluss lefser. Kaffilefse og fiskelefse, faktisk mest av det siste.

– Kaffilefser går litt meir jamt heile året, men fiskelefser er det stor etterspurnad etter oppunder jul, fortel Frank Sanchez Guddal.

Kompliserte saker

Sjølv har han bakt julekaker sidan oktober.

– Kva sort går det mest av?

– Det går nok aller mest berlinerkransar.

Og det er nok ikkje tilfeldig. Berlinerkransar er kompliserte saker. Faren er stor for at halve kransen sit fast på tommelen din når han eigentleg skulle lagt seg pent med eine enden over den andre i ein perfekt krans.

– Det er ein vanskeleg deig å arbeide med. Men vi har han ståande på kjøl og frys inn etter kvart så han skal vere kald nok til å bake med, forklarer Frank.

Leikande lett

Medan vi snakkar er han i full gang med sandkakebaking saman med Ruth og Oddrun.

Også dette er ein småkakesort som fort kan gje komplikasjonar. Kven har ikkje opplevd sandkaker som klamrar seg fast i forma og endar som smular etter å ha blitt angripne med både kniv og skei?

Men i lokala til Matstova ser det forunderleg ukomplisert ut.

Eit nytt brett med gyldne, duftande sandkaker er ute av omen, og Frank og Ruth handterer dei raskt og effektivt. Eit lite kakk, og kaka er ute, heil og fin. Leikande lett. Kanskje det har med råstoffa å gjere, ikkje minst smøret. Her er det ikkje tilfeldig kva råvarer som vert valde.

Mest før jul

– Etter å ha stått og bakt julekaker i snart to månadar, Frank, et du sjølv julekaker i jula?

– Det blir nok mest før jul, medan vi bakar!

– Kva er din eigen favoritt?

– Serinakaker. God smak! seier Frank Sanchez Guddal.

Bestemor Ruth seier ho tek heim nokre julekaker, men færre enn før.

– Då ungane var små gjekk julekakene unna. No går det ikkje så veldig mykje, men litt må ein sjølvsagt ha.

– Kva er dine sju?

– Sjakkruter, brune pinnar, smoltringar, krumkaker, sandkaker, berlinerkransar og serinakaker, det er mine sju sortar!

Flytta heim med fagbrev

Matstova AS er heimebakeri med heilårsdrift, og driv i sommarsesongen også kafé med middagsservering og bakeriutsal i lokala på Fosnes. Her er det også selskapslokale med plass til vel 100 gjester.

I tillegg driv verksemda kafé og bakeriutsal i kjøpesenteret Stryn Torg. Totalt har staben i år talt 16 tilsette, fordelt på 7,5 årsverk.

I tillegg til Frank, Oddrun og Ruth er det endå ein tilsett (ny blir tilsett i desse dagar) på Fosnes.

Det er også tre på fulltid i kaféen på Stryn Torg, også desse i familien (svigerdøtre til Ruth, tanter til den nye daglege leiaren) pluss 4–5 ekstrahjelper, avhengig av sesong.

I spissen for det heile står altså 22 år gamle Frank Sanchez Guddal.

Han var mellom dei siste elevane som gjekk på Restaurant- og matfag ved Stryn vidaregåande skule. Deretter var han lærling ved Gloppen Hotell, tok fagbrev som kokk og flytta heim for å ta over familieverksemda.

«Eit føregangsdøme i bransjen»

Matstova AS vart nyleg tildelt Innovasjon Norge Sogn og Fjordane sin Bedriftsutviklingspris for landbruket for 2017.

I grunngjevinga vart det trekt fram at Ruth Guddal med utgangspunkt i ein gard med sauehald over mange år har bygd opp eit spennande bakeri som tilleggsnæring til garden, med produksjons- og serveringsverksemd og med base på Fosnes i Oppstryn og seinare ei serveringsavdeling i Stryn.

– Matstova AS er ei bedrift som har vore eit føregangsdøme her i fylket når det gjeld utvikling og satsing på kortreist mat. Prisvinnaren har vakse mykje dei siste åra og har vorte ein betydeleg arbeidsplass lokalt, der neste generasjon i familien no har overteke og vidarefører det som grunnleggjaren har bygd opp, heitte det i grunngjevinga, der Innovasjon Norge også omtalte Matstova AS som eit føregangsdøme i kafe- og serveringsbransjen med å promotere menyar og tilbod av lokalmat.

Frank Sanchez Guddal med eit lite utval av dei mange tusen julekakene som skal ut til butikkar og kundar. Foto: Gunnhild Sindre
Matstova: Her held den prislønte familieverksemda til med heimebakeri heile året, kafédrift i sommarsesongen. Det er også utvida siste åra så det er selskapslokale til vel 100 personar. Foto: Gunnhild Sindre
Tre generasjonar: Frank Sanchez Guddal, Oddrun Guddal og Ruth Guddal i full sving med dagens kakebakst i heimebakeriet på Fosnes.
Kompliserte saker: Berlinerkransar går det aller mest av, fortel Frank Sanchez Guddal. Kanskje fordi dette er kompliserte saker, som fleire av oss kvir oss for å bake sjølve? Foto: Gunnhild Sindre
Sju sortar: Alle har «sine» sju sortar. På fatet er det berlinerkransar, sjakkruter, brune pinnar, bordstabelbakkels, kokosmakronar, sandkaker og serinakaker. Foto: Gunnhild Sindre