Johannes Thingnes Bø var kald som ein snømann og skaut fullt hus på den siste serien då han og Fourcade skulle gjere opp om sigeren på laurdagens jaktstart. Tilbake stod franskmannen med tre bom.

Dei to hadde fulgt kvarandre nesten heile løpet gjennom, etter at Bø fort fekk kontakt av Fourcade som gjekk ut 12 sekund bak.

Thingnes Bø gjekk i mål nesten minuttet før nestemann, som vart Jakob Fak. Dette var markaneløparen sin 16. verdscupsiger i karrieren.

Også Tarjei gjorde ein god jaktstart. Frå sitt utgangspunkt som nummer 14 etter sprinten gjekk eldstebror Bø seg gradvis oppover på lista. Ut frå siste skyting var han nummer seks, med pallplass innan rekkevidde. Men i duell mot løparar som Fourcade og Schempp vart det i tøffaste laget og det vart ein femteplass til slutt.

-Det var rått av Johannes dette, sterkt mentalt på siste ståande. Det var nesten for Tarjei også, meget godt løp av han, seier landslagstrenar Egil Kristiansen til Fjordingen.