Førstelaget til Stryn i herreklassen gjekk lik så godt til topps i futsal-KM laurdag. Dette trass i berre to innandørstreningar som førebuing til turneringa i Førdehuset.

Dei var suverene i det innleiande puljespelet, der dei vann alle sine fire kampar. Sigersrekka heldt fram med 3-0 siger over Tambarskjelvar i sluttspelet, deretter vart det skikkeleg "målkalas" i kvartfinalen mot Høyang, der stryningane til slutt sigra 8-7. I semifinalen måtte heimelaget Førde 1 sjå seg slått 5-2.

I finalen var det eit nytt Førde-lag som venta. Også dei kom til kort mot stryningane. Etter to mål av Marius Rauset og eitt av Vegard Hopland vart resultatet 3-1 og Stryn kunne juble for KM-tittelen.

Stryn 2 tok seg ikkje vidare frå puljespelet.

Dramatisk damefinale

Også i kvinneklassen var det god grunn til å juble for Stryn. Her vart det finale med høg spenningsfaktor. Stryn leia 1-0 og hadde store sjansar til å punktere kampen. I staden vart det 1-1 to minutt før slutt og straffesparkkonkurranse måtte avgjere mellom Stryn og Høyang. Dessverre var det sogningane som gjekk sigrande ut av denne.