Ungdomsrådet hadde møte i Stryn kulturhus førre veke. Plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal besøkte rådet og orienterte om kommunen sin plan for dette området.

– Bakgrunnen er at vi skal ha større grunnlag for å meine noko om kommunedelplanen medan den er på høyring til 15. januar, opplyser ungdomsrådsleiar Stine Fjellkårstad. Oppstryn elles vart diskutert.

– Eg ser for meg denne delen av Stryn som ein potensielt yrande plass om sommaren. Den har stort potensial, sa Gunn Myklebust.

Vil samarbeide med organisasjonen «Voksne for barn»

– Frå hausen 2018 får vi med ein representant frå kommunestyret som skal hjelpe oss å legge fram sakene våre for politisk behandling, opplyste Fjellkårstad.

Ungdomsrådet hadde og besøk frå Lillian Heimlid i lokallaget for organisasjonen «Voksne for barn». Organisasjonen vil samarbeide med ungdomsrådet som har ei felles interesse i temaet psykisk helse.

Heimlid fortalde ungdomsrådet at dei vil bidrege med informasjon om kva slags rettigheiter born og unge har, slik at rådet kan setje krav.

– Eit viktig fokus

Stryn ungdomsråd har lenge vore opptatt av psykisk helse og meiner det er mykje å setje fingeren på. I diskusjonen mellom ungdomane var det tydeleg at dei ikkje er imponert over tilboda som finst for hjelp i dag.

– Mange ser på Sogn og Fjordane som eit u-land når det gjeld psykisk helse, sa Nina Cathrin Vik Strand.

Rådet er kritisk til at det berre er ein psykolog fordelt på fire kommunar.

– Det fungerer ikkje i praksis. Det er ressursmangel på eit område som er veldig viktig. Ungdomsrådet har lenge vore opptatt av psykisk helse, og det vil vi halde fram med, fastslår Fjellkårstad.