Vêr og vind prega store deler av verdscuphelga i tyske Titisee-Neustadt. Fredag vart kvaliken avblåst etter nokre få hopparar, og søndag melde på ny dei vanskelege vindtilhøva seg.

Dessverre vart nokre hopparar meir skadelidne av dette enn andre. Anders Fannemel var ein av dei som fekk ei dårleg oppleving i bakken søndag. 94,5 meter var 47 meter kortare enn i gårsdagen lagkonkurranse, og honndølen kunne sjå langt etter ei topplassering.

- Eg skjønar ikkje kvifor han blir slept utfor. Det er berre å gløyme det hoppet der, uttalte NRK sin ekspertkommentator Johan Remen Evensen om det mislukka hoppet til Fannemel. Han hadde kraftig bakvind då han sette utfor.

Det vart likevel ein bra norsk dag i bakken med tredjeplass til Daniel Andre Tande, femteplass til Robert Johansson og sjuandeplass til Johann Andre Forfang. Vinnar og andreplass gjekk til heimehåpa Richard Freitag og Andreas Wellinger.

Sidan vindtilhøva utsette starten for hopprennet vart det berre avvikla ein omgang.