Det var duka for kakefest ved Joker i Loen laurdag. Dette etter at Fylkestinget tidlegare denne veka fann plass til gangvegen mellom Loen og Solvik i investeringsprogrammet.

- Utviklingslaget ville gjerne markere delmål ein og to; altså vise for alle som har slite med livsfarleg veg til Rake/Opheim, og alle grunneigarar som har gitt samtykke til grunn, at no er vi «på god veg, seier Haldor Hove, som er styreleiar i Loen Utviklingslag.

Delmåla Hove siktar til er at gangveg-prosjektet no er på økonomiplanen til Stryn kommune, og at det også er kome inn på investeringsprogrammet til fylkeskommunen.

Loen-Solvik er no oppe på 2. plass på marginallista, og det er løyd pengar til prosjekteringsmidlar. Stryn kommune har sendt søknad om å få forskottere prosjektet, og dette vert truleg handsama politisk på vårparten.

Hove hadde sett føre seg ei heilt enkel markering med eit par blautkaker, men vart overraska av dei andre i styret med den noko meir "skreddarsydde" kaka som ein ser på bilda.

- Sjokket blei difor stort då eg fekk sjå denne nydelege kaka, laga av Smak, smiler styreleiaren. Han fortel om mange innom for ein prat og ein kakebit.

Kaka viser den planlagde gangvegen som skal binde Loen og Solvik saman på ein trygg måte. Også pendelbana til Hoven er komen med.