Bakketunet

I Bakketunet stod framleis dei gamle husa. I 1890 reiv dei den gamle lada og fjøsen som stod lengst vest oppå hammaren med møkagavlen nedover, mot Bentstova!, og mura og bygde ny fjøs/lade langsetter hammaren.

Åtte år etter, i 1898, brann det storbrann på Bakken. Alle husa bortsett frå eldhuset, smia som låg lenger oppe, og stabburet som låg noko austom, brann ned til grunnen.

Etter brannen var lada det første dei bygde opp att. Denne vart delvis bygd på branntufta langsetter hammaren. Denne bygningen er med på utskiftningskartet frå 1900.

Frå 1904 overtok Anders Olsson skøyta, så det vart han som måtte bygge opp att dei øvrige husa.

Stovehuset, som vart bygd i ein liten avart av sveitserstilen, kom like etterpå. Her lånte ein materialar som låg byggeklare for det nye Olahuset på Bergset.

I den huslause tida budde ein delvis i stabburet som var tohøgda og rimeleg stort, elles tente eldhus-hemsen som primitivt losji.

Ladene prioritert først

Det som er gjennomgåande for alle bruka er at ladene vart bygde først, og stovehuset etterpå. Drifta og lada var altså viktigast – for ikkje å seie livsviktig – og så fekk buforholda kome i andre omgang. Også på Bakken etter brannen merkar ein seg at lada var den første dei tenkte på å få bygge opp att – og så vedhuset og doen!

Den travle byggeperioden

Byggeperioden då, i siste del av 1800-talet, var ein stri tørn for brukarane. Det skal mot og kraft og midlar til å sette i gang husbygging av slike dimensjonar og på så kort tid som ned til eit par år. Her var det snakk om skikkeleg revolusjon i tunet, dei fleste husa vart rivne, dei små fjøsane forsvann og det vart bygd driftsbygningar og stovehus som var unike for si tid og vekte vide oppsikt.

Og så må ein ta med at det meste av byggematrialane utanom sjølve trevyrkje og gråsteinen måtte fraktast opp Berget: Takstein, murstein, kalk, sement, glas, ovnar, fjøsinnreiing og mykje anna. Dette siste kravde sterke ryggar og bein enten det galdt hest eller menneske. Skiferhellene frå Brulandstranda målte 60x60cm og var ei heil bør kvar.

Også kvinnene var med og bar. Det seiest om Isake-Eli at ho bar tillikes med mannfolka, og at ho ein gong med skiferbør opp berget tok ei lita kvild midtvegs. Då kom ein børalaus kar oppover og spør: ”Skal eg ta børa di Eli”. ”Jau, takk, svara ho”, og gjekk beinvegs ned igjen for å hente ei ny bør!

Isak sjølv sa det slik: «Det verste er å liggje om morgonen å vente på klokka»

Som etterskrift til denne unike byggeperioden, må nemnast ein bragd til. I 1933 bygde Jon Matiasson på Perbruket, splitter ny driftsbygning nedst på Fjøssvadet, eit av dei mest moderne i Nordfjord. Perbruket, som vi har høyrt var dei første, både med nye lader og våningshus, fekk nå igjen hugnaden av å ha beste driftsbygningen i gardsmiljøet her.

Litt om ætterekkja

Brukstavla startar med 1602. Dette er året ein kom i gang med matrikkel-føringa.

I åttande brukar-ættledd etter 1600 fekk Ola Pedersen Sølvberg skøyte på Perbruket i 1813. Han og kona Katrine Fossheim fekk fire born, alle døtre. Marte, Dorte, Anne og Johanne.

Ein kan seie at dette var dei første «Perjentene». Seinare, i nyare tid, skulle det bli heile ni jenter i same syskenflokken i Pertunet, som naturleg nok blei omtalte med same namnet: «Perjentene». Altså andre utgåve av same.

Marte blei sjølvsagt sitjande på bruket og vart gift med Jon Anderson Rand. Dei fekk skøyta i 1856. Dei fire gutane deira reiste alle til Amerika. Dottera Sigrid blei gift med «Maste-Mattis» (sjå om han seinare). Jon døde i ei ulukke, og Marta gifta seg opp att med Elias Kristianson Fjellkårstad. Dei fekk tre born som levde opp. Marta døde i barselseng med barn fire.

Elias er med dei som sette særleg merke etter seg i Sølvberg-soga.

Men her, med desse Perjentene, blir det eit «jente-sprang», som er litt interessant for «vår» tid. Det vedkjem også artikkelforfattaren personleg.

Andre jente var altså Dorte. Ho blei gift med Rasmus Skrede, og dei busette seg på plass ved Sølvbergsnausta og fekk tre born, Marte, Jens og Ola. Gutane tok namnet Sølvberg.

Marte blei gift med Kolbein Roset, og kom altså til eit nytt klyngetun i Blaksetbygda, – Roset-tunet. Jens, som var bygningsmann, flytta til Bryggja og bygde heim der. Slik skulle altså Dorte bli oldemor på morssida til artikkelforfattaren, og Jens bestefar. Ja, det er nesten som ein kan undrast: Kanskje, om ikkje Svartedauen skulle ha gjort seg skuldig i eit direkte ættebrot, om ein så ætta like tilbake til Rols!

Dette var del 4 av i alt 7 deler Meir om ætteforhold inn i vår tid i Del 5.

Bakkelada er bygd, Bakkestabburet er flytta til Støve og inngår i stova der. Anderslada (5) er flytta ned om vegen. Foto: Skisse
Ytre Sølvbergstunet rundt 1925. Bakkehusa bygd opp att etter brannen i 1898. Bilvegen bygd 1922 er å sjå øverst. Bakkesmia bak til høgre, Isakelada framst (er bygd godt større i nyare tid). FAKSIMILE frå «Bergsetboka.» Foto: Faksimile
Jon Matiasson og kona Olina med huslyd. Her finn ein dei «nye» Perjentene, ni i talet! Biletet, som er frå tidleg 1950-tal, er faksimile frå «Sølvbergsboka» Foto: Faksimile