Mini-handballturneringa i Strynehallen søndag vitna om god rekruttering til sporten. Her var det samla gutar og jenter frå midtre og indre Nordfjord i aldersgruppa 7 til 9 år. Til saman åtte klubbar var representerte, og fleire hadde meir enn eitt lag med.

- Her bryr vi oss ikkje om resultata, understreka Eli Kroken hos arrangøren.

Nokre av spelarane hadde halde på med handball i fleire år, medan det for andre var turnerings-debut.

- Dette er første gong dei spelar kamp, smiler Christine Lunde. Ho var med som lagleiar for eit av jentelaga til Stryn. Men med ein dommar som konsentrerer seg om dei viktigaste korrigeringane og elles minner om speleretninga, så går det seg til sjølv om erfaringa enno manglar.