Frå Fjordingen for 10 år sidan:

Honndalskunstnaren Rolf Taraldset sitt store relieff mod motiv av «Såmannen» er på plass i kyrkjelydshuset i Hornindal. Det var Bendik Hofseth (7) og Jenny Mari Tomasgard (10) som stod for avdukinga. – Dette er ein historisk augneblink. Såmannen er ei forteljing i det Nye Testamentet som har noko å fortelje til oss alle. Du er ein kunstnar av europeisk format, sa leiaren i utsmykningsnemnda Jon Ytrehorn. Nemnda har vore samansett av Ytrehorn, Kirsten Aaland, Irene Bøe Pisani, Norunn Holmøy-Wang og Anne Lovise Kirkhorn. Kyrkjelydsstova vart innvigd i 1984. Gamle klasserom vart då til stove. Frå starten av var det ynskje om at eit kunstverk med brei appell skulle kome på plass i rommet, eit kunstverk som kunne vere til inspirasjon både under kristne samlingar og under møte til andre lag og foreiningar. – Rundt 1990 kom det ei anonym gåve frå ein utflytt honndøl som var avliden, og valet av kunstnar var enkelt sa Ytrehorn. Han meiner relieffet har ein verdi mellom 50 og 100.000 kroner. Eit fantastisk arbeid.