Ein personbil med to personar i mista veggrepet, snurra og køyrde i fjellveggen i venstre grøftekant på E39 i Kjøs måndag kveld. Bilen var på veg sørover og køyrde med tilhengar. Bil og hengar vart ståande delvis i grøfta, med fronten motsett retning etter uhellet. Til alt hell kom det ikkje bilar i mot då bilen snurra og hamna i fjellveggen.

Politiførstebetjent Vidar Stavik opplyser at dei to i bilen er to kvinner som var på veg frå Sunnmøre til Bergen. Begge er uskadde.

Det var polert og svært glatt snøføre der uhellet skjedde. Ambulanse, politi og brannvesen var på staden.