Onsdag 6. desember; Eit samrøystes fylkesting løyver totalt 493,5 millionar kroner i skredsikringsmidlar over ein fireårsperiode til rassikring på fv 722 Veslebygda - Flo. Midlane, i tillegg til restfinansiering på 134,8 millionar kroner i perioden 2022-23, som fullfinasierar ein snaut 4 kilometer lang tunnel.

Ser fram til ein tryggare kvardag Kolbein Fridtun og Brynjar Flo i heimbygda. Ein 4 kilometer lang tunnel vil gje ro i sjela for alle på Flo. Foto: Roger Oldeide

Dei om lag 70 innbyggjarane på Flo sjå fram til ein tryggare ferdsel til og frå bygda si. Bygda si eiga skredsikringsgruppe, som har jobba for tunnel i dette området gjennom eit tiår, har vore optimistiske heile tida.

– Personleg så har eg jobba så lenge dette med dette og følgt denne prosessen så tett, at eg har aldri tvilt på at vi skulle nå målet. Vi hadde ikkje jobba så lenge mot noko vi ikkje har hatt tru på, fortel Brynjar Flo. Han står i spissen for skredsikringsgruppa saman med sambygdingen Kolbein Fridtun. Tunnelen og val av trase frå Veslebygda blir handsama og avgjort i kommunestyret 19. desember.

Lidafonna Foto: Arkiv Bengt Flaten

– Problemet er mangel på tryggleik

Dei to fortel at tunnelen er eit sentralt samtaletema på Flo. Den vil gjere slutt på engstelsen det er å ferdast på denne fylkesvegen når skredfaren lurar store delar av året.

Etter Dagmar F. v: ordførar i Stryn Sven Flo, Kolbein Fridtun og kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete på synfaring i Flostranda i 2011. Foto: Bengt Flaten

– Når kona di skal av garde, ungane dine skal på skulen med buss. Følelsen av at skredet kan gå, den er heilt frykteleg. At dette har vore ei byrde for både oss og våre foreldre er det ingen tvil om, seier Flo.

Rygga seg unna skred

Kolbein Fridtun fekk fem minutt å snakke om behovet for tunnel til samferdselskomiteen og visste kva han måtte snakke om.

Dramatisk Dagmar sette sitt preg på vegen mellom Veslebygda og Flo. Her i Flostranda.

Han fortel om ein gong han skulle til Stryn med bilen full av epler. Faktorane for skred var til stades. Bussen var komen til Flo, men ingen torde å sende barna på bussen. Kolbein kvidde seg for å køyre Flostranda, men tok sjansen og følgde etter bussen tilbake.

– Då kom altså Vikasetra ned fjellet og dundra ut i vatnet mellom meg og bussen. Eg rygga det eg makta og kom meg unna. Så nær var eg altså. Slikt gjer veldig inntrykk, fortel Kolbein.

– Før var det i hovudsak snøskred vi frykta. No gir store nedbørsmengder skredfare til dømes i mai. Det er nesten kvart år at vegen blir stengt etter større eller mindre ras, seier Brynjar.

– Ein lang kamp

Dei vedkjenner at prisen på tunnelen er høg, men poengterar at desse midlane er ikkje i konkurranse med uliek vegprosjekt i fylket.

Flostranda Slik såg det ut i Flostranda etter Dagmar. Foto: Anders Nedre-Flo

- Dette er øyremerka skredsikringsmidlar, ikkje midlar til veg, seier Flo.

Dei to gjer det klart at det er mange å takke for at tunnelen skal bli ein realitet. Tunnelen er eit resultat av mange års kamp frå både bygdefolk og lokale politikarar.

– Vi er veldig glade for alle som har sett behovet for ein tunnel her, seier Fridtun.