Gjennom basisanlegg ønskjer Norges Skiforbund, i samarbeid med klubbane, å legge til rette for at løparane blir utfordra på basisdugleiken. Her skal løparane sjølve kjenne på kva teknikkar og strategiar som svarar seg best, framfor den tradisjonelle teknikkterpinga.

– Det viktigaste er at det er artig, og kanskje få til at dei ikkje tenkjer over at det er trening dei driv med. Vi ser også at utviklinga i langrennssporten er meir fart og knappare svingar. Sjå berre korleis Klæbo tek Sundby i svingane, seier Jo Mork ved utviklingsavdelinga til Norges skiforbund.

Onsdag førre veke var han med Arvid Hatledal og bygde opp to område med basisanlegg i snøen på Ullsheim.

–Her er så fint terreng og så mange mulegheiter at det nesten er vanskeleg å vite korleis ein skal gripe det an. Eit fantastisk område, skryt Mork. Han er også svært tilfreds med engasjementet til løypekøyraren.

– Arvid har auge for dette, og det er ein draum for oss å få jobbe med slike. De er heldige som har eit slikt anlegg, gratis og berre å ta med skia.

Skicross

Skiforbundet sin mann trur at slik tilrettelegging, med meir vekt på leik og action, kan få fleire med og dessutan ta vare på dei som er i skimiljøet.

– Det er ikkje lenger berre slik at ein går i lysløypa til ein spyr og så snur og går tilbake, seier Mork, for å poengtere at langrennssporten er i utvikling.

– Men vi skal framleis ha den tradisjonnelle konkurranseforma og lysløyperenna.

Og Hatledal er heilt samd:

– Dette er viktig for å sikre rekruttering. Eg føler det var meir aktivitet og leik på arenaen før, no kjem ein nesten berre for å trene. Det blir litt for seriøst, må eg berre seie.

Skicross kallar ein konkurranseøvinga som føregår i slike anlegg. Yngve Thorsen i Sogn og Fjordane skikrins er svært tilfreds med jobben som er gjort på Ullsheim, og håpar anlegget også vil bli teke i bruk i konkurransesamanheng i tillegg til treningar.

– Det blir meir spennande treningar og ein kan få andre typar konkurranseformer enn dei tradisjonelle. Vi skal ha KM i skicross på Eid i vinter, og vi veit skicross kjem for fullt, antakeleg også internasjonalt. Det handlar om å henge med i timen, seier Thorsen, og håpar anlegget på Ullsheim vil inspirere andre klubbar til å bygge opp liknande anlegg.

Ved hjelp av snø og trakkemaskin har Arvid Hatledal bygd opp basisanlegget. Tanken er å legge til rette med gravemaskin til sommaren, for å kunne klare seg på mindre snø. Foto: Roy Aron Myklebust
Jo Mork syter for at løypa syner godt att i landskapet. Foto: Roy Aron Myklebust