Sivert og Sandra Vindfjell Frøholm frå Utvik og Innvik Skyttarlag deltok førre helg på miniatyrstemnet Oslo Open som er det største innandørsstemnet i landet.

Begge to hevda seg godt i det populære stemnet. Sandra skaut 248 poeng i klassen for junior og enda heilt oppe på ein 10. plass av 96 deltakarar. Ho vart med dette beste deltakar i si klasse frå Sogn og Fjordane.

Sivert gjorde også sine saker særs bra. Han skaut i klassen rekrutt og oppnådde 245 poeng, og vart nummer 33 av 104 deltakarar.