I skrivande stund er Tonningsgata snødekt. Det hjelper på. Men dei aller fleste dagane i året er vegbana svart. Då er det tilsvarande krevjande å vere bilist som skal sjå og passe opp for alle fotgjengarar som ikkje alltid tenkjer så nøye over kor synleg eller usynlege dei er.

Fredag sette Fjordingen søkelyset nettopp på dei bekmørke overgangsfelta i Tonningsgata i Stryn sentrum. Eit problem som har vore oppe til diskusjon frå tid til annan, og som det no er på høg tid at blir teke fatt i. Problemet er todelt: Det eine er at styrken på gatelysa er svak. Det andre er at lysstolpane står for langt frå kvarandre og ikkje der dei burde stå, nemleg ved fotgjengarfelta.

Det har skjedd fleire ulukker mellom bil og mjuke trafikantar i Tonningsgata, og det er stor fare for at det vil skje igjen. På travle ettermiddagar og kveldar med stor trafikk i gata, er trafikkbildet i Tonningsgata krevjande. Særleg ille er det på mørke og regnvåte kveldar. Når ein blir blenda av lys frå møtande trafikk og fotgjengarar like fullt går ut i gata utan å tenkje på at dei er mørkkledde og utan refleks, er faren stor for at det skjer ulukker.

Statens vegvesen seier dei er i ferd med å utarbeide ein rehabiliteringsplan for Tonningsgata. Det i seg sjølv er spennande, og er eit arbeid som fordrar samarbeid og innspel frå fleire hald. Når vegvesenet seier det ikkje finst midlar til oppgradering før etter 2019, må ein sjå kva som kan gjerast i mellomtida for å betre tryggleiken.

Vask av eksisterande lys kan vere eitt tiltak. Eit anna kan vere å sjå om ein kan byte ut armatur, eventuelt setje i lyspærer som gir eit anna og betre lys. Betre merking av overgangsfelta bør og kunne gjerast som eit strakstiltak. Slik overgangsfelta er utforma og markerte i dag, er dei vanskelege å sjå.

Uansett er oppmodinga både til bilistar og fotgjengarar klar: Fotgjengarar må gjere seg synlege og bruke både auge og hovudet før ein kryssar gata. Bilistar som køyrer Tonningsgata må vere hundre prosent årvakne og følgje godt med på alle kantar. Då kan det gå godt!

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør