Hovde syner til kopi av brev frå Hornindal kommune 5/12, «Grensejustering Kjøs krins – tilleggsopplysningar».

– Det er rett at det er vedteke at framtidig E39 vil følgje indre linje via Stryn og Markane til Hornindal og Grodås, vidare nordover på Kvivsvegen. Det er fastsett eit planprogram der det er vedteke følgjande i høve til utgreiing av kryssalternativ; «Kryss i Markane nær Langesethøgda vil bli utgreidd. Her er det i tillegg til kryss aktuelt å sjå på plassering av massedeponi.», skriv Hovde. Han legg til at Stryn i si saksutgreiing har presisert at «området Markane/Kjøs er og vil bli eit viktig trafikknutepunkt for Indre Nordfjord og Sogn og Fjordane.»

– Dette meiner vi er rett ut frå at a) Kjøs er i dag eit særs viktig trafikknutepunkt og vil vere det i lang tid framover, b) at Markane vil bli det når E39 blir lagt om, skriv strynerådmannen.

Han viser vidare til at det med utgangspunkt i den pågåande planprosessen for E39 Byrkjelo – Grodås og NTP (Nasjonal transportplan 2018 – 2029) er usikkert når eit eventuelt framtidig kryss i Markane vil avløyse dagens kryss ved Kjøs.

– Det er først når det ligg føre godkjend kommunedelplan at kryss og traseval er fastsett. Kommunedelplanen for E39 Byrkjelo–Grodås vil truleg vere godkjend i 2019. Det er som kjent ikkje avsett midlar i NTP til E39 Byrkjelo–Grodås. Med bakgrunn i dette er det grunn til å tru at E39 og Rv 15 vil utgjere eit viktig trafikknutepunkt i lang tid framover, skriv Hovde.

– Når det gjeld spørsmålet om i kva grad ei grensejustering vil ha noko å sei for transportaktiviteten og klimapåverknad, er det grunn til å merke seg at i brukarundersøkinga som er gjennomført, går det fram at for innbyggarane er Stryn og Hornindal om lag likestilt når det gjeld handel, arbeidsstad, bruk av kultur- og fritidstilbod og i nokon grad også kommunale tenester. Det er med andre ord ganske mange som køyrer til Stryn i dag, skriv strynerådmannen, og legg til at for dei som har arbeidsstaden sin i Stryn og har behov for barnehage vil truleg ei grensejustering bety mindre transportaktivitet ved at dei då også vil ha t.d. barnehageteneste i Stryn.

– Avstanden til kommunesenteret i nye Volda kommune vil bli vesentleg lenger for alle innbyggarane i Hornindal kommune, og lengst for dei som ligg nærmast Stryn. Kor vidt forslag til grensejusteringa som Stryn kommune har vedteke vil innebere negative eller positive konsekvensar for miljøet, vil avhenge av kor framtidas kommunale tenester vert levert. Det er i dag etablert interkommunalt samarbeid i indre Nordfjord, blant anna innan PPT og barnevern. For innbyggarane i Kjøs vil avstanden til denne type kommunale tenester bli lenger ved å høyre til nye Volda kommune enn Stryn kommune, skriv strynerådmannen.

– Kommunesamanslåing med vår geografi er i det store å heile lite klimavenleg med tanke på auka transportaktivitet, avsluttar rådmann Hovde.