Etter to nye sigrar til Johannes Thingnes Bø i helga, har brørne frå Markane IL teke fire av fem mulege verdscupsigrar individuelt så langt i år. Johannes tre og Tarjei ein. Vi spør NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith om han trur dette berre vil halde fram?

– He,he.. det er ikkje godt å seie. Men Johannes ser veldig sterk ut. Han har løfta seg på både den eine og andre måten. Han virkar for å vere meir på plass og meir i balanse, og har bestemt seg for å bli verdas beste, seier Stabrun Smith.

Også Tarjei framstår i ei betre utgåve enn på lenge, meiner kommentatoren som følgjer skiskyttersirkuset på nært hald vinteren igjennom.

– Han er milevis betre enn førre sesong. Han er i god rute og vil nok vere jamt og trutt blant dei ti beste, og fleire besøk på pallen, spår Stabrun Smith.

- Tåler ikkje "drop-out"

– Trur du Johannes kan bryte rekka til Fourcade når det gjeld verdscupen samanlagt?

– Det hadde vore utruleg moro. Men Fourcade har vore på pallen i alle løp og han plukkar så mange poeng, så Johannes tåler ikkje mange «drop-out». Men det er ikkje heilt urealistisk, og helga som kjem blir veldig viktig med tre individuelle renn,seier Stabrun Smith. Han peikar også på den psykologiske kampen som utspelar seg mellom dei to.

– Ein ser det på kroppsspråket, miner og slikt. Johannes trivst godt i rolla han har no. Ein kan sjå det frustrerer Fourcade litt. Der er ein liten psykologisk kamp, men utan at dei snakkar kvarandre ned, seier kommentatoren, og fortel at gode Bø-prestasjonar også påverkar sjåartala.

NRK sin kommentator i skiskyting, Andreas Stabrun Smith, følgjer verdscupsirkuset heile vinteren igjennom. Foto: NRK