NVE sin skredvarslingsteneste varsom.no melder om betydeleg snøskredfare, faregrad 3, i indre Fjordane både onsdag og torsdag. På nettsida seier NVE at det er venta kraftig vind av skiftande retning, hovudsakleg frå sør. Det er frå før mykje laus snø tilgjengeleg for vindtransport, særleg nord i regionen. Det er venta at store fokksnøflak kan leggje seg over svake lag av laus nysnø. Mest utsett er heng mot NV-Ø, skriv NVE.

Storleiken på skreda kan bli middels store for dei område som får mest nedbør. Der det ligg mykje laus snø i låglandet, aukar faren for våte laussnøskred i mange brattheng.

Skredfaren vil i følgje NVE vere størst i ytre strok der det er forventa å kome mest nedbør.