Mot berre ei røyst gjekk formannskapet i mot rådmannen si tilråding om å avslå klage frå utelivsaktørar i Stryn om skjenkeslutt kl. 01.00 i romjula.

Jens Isehaug ved Isehaug Kafeteria AS, som først søkte om utvida skjenketid frå kl. 01.00 til kl. 02.00 i romjula, kan no sleppe jubelen laus.

- Åh! Dette var fantastiske nyheiter. For oss i bransjen er dette veldig viktig, men og for folk som ønskjer seg ut i romjula. Fornuften har sigra, seier Jens Isehaug til Fjordingen etter at vedtaket frå formannskapet var mindre enn ein time gamalt.

Vedtaket gjeld ikkje berre Isehaug Kafeteria AS, Stryn Kaffebar/Vertshus AS, Restaurant 34 og Napoli Pizzeria som signerte klagen, men alle løyvehavarar i Stryn. Årsaka er hensyn til konkurransevridning.

Det var Aud Kristin Løvlid (H) som la fram endringsframlegg om medhald i klaga.

- Eg går for rådmannen sitt framlegg. Folk kan gå ut ein time før, sa Pål Vonheim (Ap)

- Då kjenner du ikkje stryningane, Pål, sa Sven Flo.

Etter noko diskusjon enda formannskapet opp i eit endringsframlegg i to punkt. Punkt 2 skal handsamast i kommunestyret på nyåret.

1: Klagar blir imøtekome og søkjarane får utvida skjenketid i romjula 2017 i forhold til søknad. Utvida skjenketid vil og gjelde alle skjenkestadar i kommunen i dette tidsrommet.

2: Fremje rusmiddelpolitisk handlingsplan for ny behandling i kommunestyret når det gjelder skjenketider for jul og påske.

- Det er sjølvsagt opp til kvar enkelt skjenkestad om dei vil halde ope til klokka 01 eller til klokka 02, presiserte ordførar Sven Flo. Endringsframlegget vart vedtatt mot ei røyst. (Pål Vonheim)

Søknaden om utvida skjenketid i romjula var først avslått i Helse- og sosialutvalet. Grunngjevinga frå utvalet var retningslinjene i rusmiddelpolitisk handlingsplan om skjenketider, samt lik handsaming av løyvehavarane i forhold til konkurransevridning.