Flobygda er endå eit steg nærare tunnel etter at teknisk utval samrøystes gjekk inn for Statens vegvesen og rådmannen si tilråding til traseval.

Planframlegget viser to ulike start-trasear i Veslebygda (alternativ A1 og A5), og ein avsluttande trase på Flo (alternativ B3). Statens vegvesen har tilrådd at alternativ A1-B3 blir valt, noko utvalet for tekniske saker ikkje brukte lang tid på å stille seg bak.

– Eg vil gje skryt til rassikringsgruppa på Flo og dei som har framsnakka prosjektet på fylkestinget, sa Klemet Bø (KrF). Odd Kåre Hjelmeland (H) var av same oppfatning:

- Vi må vere veldig glade for dette, og gratulere floarane med godt utført arbeid.

Sjå video: - Tunnelen vil gi slutt på engstelsen.

Kolbein Fridtun var ein glad mann etter vedtaket i teknisk utval tysdag, men vil vente med å sleppe jubelen laus til kommunestyret har handsama saka endeleg den 19. desember.