Ordførar Sven Flo følte for å seie nokre ord etter at formannskapet var ferdig med sakslista onsdag.

- Det gjelder det som har skjedd i høve RTP (Regional Transportplan) der det har vore ei fantastisk uttelling for Stryn kommune. Det har vore eit stort engasjement rundt dette i både bygdeutviklingslag og i interessegrupper som har jobba lenge og målretta med desse prosjekta, fortalte Flo.

Han kunne oppsummere med mellom anna gjennomslag for tunnel til Flo og tunnel på Blakset.

På plass Veg-kake var på (sin) plass under årets siste formannskapsmøte onsdag Foto: Roger Oldeide

Han fortalte om ein god dag som ordførar for Stryn då desse sakene vart behandla på fylkestinget.

- Eg må seie det var ein fantastisk opplevelse å vere i Leikanger då dette vart behandla. Eg vil gje all honnør til fylkestinget og til dykk som har jobba opp mot gruppene dykkar, sa Flo spesielt trakk fram tre personar.

- Sonja, du har vore ein av våre representantar på fylkestinget, tusen takk. Per, du har vore med i lang tid og har vore fødselshjelparen til ein del av desse prosjekta, spesielt i forhold til prosessen rundt Blakset-tunnellen. Eg vil og rette ein stor honnør til Jon Olav Kvamme (Krf) for den jobben han har gjort, sa Flo.

Møtet vart heva med veg-kake.