Fem sjåførar fekk ulike reaksjonar mot seg i ein tungbilkontroll ved Kjøs bru onsdag kveld. Ein vart meld og ein fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletid, ein fekk gebyr for manglande kjetting og manglande dokumentasjon for yrkessjåførkompetanse. Ein mangla løyve til å drive godstransport og ein fekk mamgellapp for tekniske feil.