Statens vegvesen har no dei første skissene klare for korleis den planlagde E39-brua mellom Svarstad og Frøholm vil ta seg ut i landskapet.

Brua vert om lag 1,8 kilometer lang, det vil seie 400 meter lenger enn Hardangerbrua, ho vil ha fire køyrefelt og med seglingshøgde på 75 meter, i følgje Ellen Njøs Slinde planleggingsleiar i Statens vegvesen.

– Vegvesenet har i løpet av det siste året jobba vidare med veglinjer og bruløysing, etter at prosjektet E39 Byrkjelo-Grodås hadde planoppstart i fjor vår.Vi har mellom anna jobba med konkrete løysingar for den store hengebrua over Nordfjorden. På grunn av større lengde og dermed auka krav til stabilitet, vil sjølve brukassa bli breiare enn Hardangerbrua. Det betyr at vi får fire køyrefelt over brua, med forbikøyringsfelt, seier Slinde.

Halvt kryss

Det vil òg vere mogleg å få til ei kryssløysing på nordsida av fjorden, seier Njøs Slinde.

– Korleis ser denne kryssløysinga ut?

– Det vert eit halvt kryss i dagen ved Svarstad. Det betyr at trafikantar som kjem E39 frå sør, kan svinge av mot Stryn. På same måte kan trafikantar som kjem rv 15 frå Stryn og som skal sørover på E39, svinge inn på vegen ved Svarstad. Dei som skal nordover, må svinge inn på E39 i Markane, seier Slinde.

I pressemeldinga Statens vegvesen sendte ut torsdag, er brua visualisert ut frå vegmodellane og bruteikningane, og 3D-modell av brua er kopla saman med nye flyfoto av området. Illustrasjonane gir eit godt inntrykk av korleis brua vil bli sjåande ut i landskapet. På begge sider av fjorden går vegen direkte frå brua og inn i tunnel.

– Planlagt brufundament på sørsida av fjorden står på dagens fv. 60, og når E39 blir bygd, vil fylkesvegen bli lagt inn i ein tunnel bak brutårnet. Brutårna vil få ei høgde på rundt 250 meter, og hovudspennet blir i overkant av 1,5 km langt, seier Slinde.

Eit stort arbeid er også gjort med planlegging av tunnelar og veg i dagen i Byrkjelo, Utvik, Innvik, Markane og Hornindal. Desse løysingane vil bli presenterte seinare.

Den nye E39-strekninga Byrkjelo-Grodås vil halvere lengda på strekninga og korte ned reisetida til under det halve. Forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing skal etter planen leggjast ut til offentleg ettersyn forsommaren 2018, slik at planen kan vedtakast i kommunane vinteren 18/19, opplyser Statens vegvesen.

Mot Svarstad: Brua sett frå sørsida av fjorden, mot Svarstad. Foto: Statens vegvesen
Frøholm: Brua sett frå fv. 60 ved Frøholm. Brufundamentet er planlagt å stå på dagens fv 60. Foto: Statens vegvesen