– For både rv 15 Strynefjellet og rv 4 Jaren – Mjøsbrua/Gjøvikbana er det sett i gong arbeid med KS 1-rapport. Det er lenge sidan dette arbeidet starta, kan statsråden no informere om når rapportane for desse prosjekta er klare? spurde Odnes.

Samferdsleministeren har førebels ikkje sendt svar på spørsmålet, som er ei oppfølging av Janne Sjelmo Nordås (Sp) sitt spørsmål i mars inneverande år. Også ho etterlyste om status for KS1-rapporten for rv 15 Strynefjellet. Den gongen svarte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen at kvalitetssikringa er komen godt i gang, men at kva tid kvalitetssikringa kan stå ferdig, ikkje er endeleg fastlagt.

KVU klar i mars 2012

Statens vegvesen si konseptvalutgreiing (KVU) for rv 15 Strynefjellet låg klar i mars 2012. Året etter gjennomførte Metier/Møreforsking KS1 (kvalitetssikring) av KVUen.

Samferdselsdepartementet bad i februar 2014 Statens vegvesen om å utarbeide ei tilleggsutgreiing til KVUen. Denne kom i april same året.

I juli 2015 bad Samferdselsdepartementet, ved brev til Vegdirektoratet, Statens vegvesen om å revidere tilleggsutgreiinga.

Tilleggsrapport om Geiranger

Dette er gjort ved ei revidert tilleggsutgreiing til KVUen der ein har inkludert fv 63 heilårsveg til Geiranger. Rapporten er datert juni 2016. Statens vegvesen Region vest har også sendt eit notat til Vegdirektoratet med supplerande vurderingar om forkasta løysingar i etaten si reviderte tilleggsutgreiing. Notatet er datert september 2016.

Alt dette skal leggast under KS1-rapporten, understreka Solvik-Olsen i sitt svar i mars i år.

– På tide

No ønskjer altså Sp-representant Odnes frå Oppland ei oppdatering i saka.

– Det er på tide at vi får på bordet denne rapporten for å kunne få framdrift i vidare prosess med heilt nødvendige, nye tunnelløysingar på den viktige aust/vestforbindelsen rv 15 er. Og ministeren sjølv trekkjer jo fram denne forbindelsen som ein viktig del av indre trasé for E39, seier Odnes til Fjordingen.