Barnevernsleiar Rita Stølen Veamyhr meiner akuttsakene er noko av det såraste ein kan jobbe med. Det er også dei som skapar mest støy og negativ omtale i media.

– Når folk høyrer at nokon har mista ungane tek ein ofte vaksenperspektivet og tykkjer synd på dei foreldra som er blitt fråtekne ungane. Vi skjønar det, men kva med ungen då? Har nokon teke deira perspektiv? Seier Veamyhr, og peikar igjen på at det er gode grunnar når ein går til det steg å ta born vekk frå heimen.

– Og så er det ein gong sånn at det står ikkje i panna på folk kven som utset ungar for valdsovergrep. Det kan vere folk ein aldri vil gjette som står bak, og då kan det vere vanskeleg å tru på det.

At folk kan vere negative til jobben barnevernet utøver kan ho stort sett leve greitt med.

– Ein må tole å høyre at ein er ein av dei mest inkompetente personane som finst. Sjølvsagt ikkje kjekt å høyre, men eg har ikkje valt jobben for å bli godt likt, seier Veamyhr. Det ho ikkje kan akseptere er når folk går til personleg angrep, og då ofte på svært ufine måtar.

– Det vi ikkje lever godt med er når vi blir klistra opp både her og der. Då blir ein bekymra for eigne barn, kva dei får med seg, seier ho, og syner ulike nettsider der bilete av henne er lagt ut med tidvis svært krenkande omtalar. Ho har også opplevd at det blir nytta bilete der andre av familiemedlemmane er med. Skrekkhistorier om korleis barnevernet utan varsel dukkar opp på døra og tek med borna verserer også der ute.

– I starten tenkte eg at ingen trur vel på slike ting, men mange gjer tydelegvis det.

Samstundes understrekar ho at dei er svært sjølvkritiske til jobben dei gjere.

– Vi har nokre rundar her på huset når vi føler at det er fornuft i kritikken. Om vi kunne gjort noko annleis og om vi kan ha trakka feil– noko vi sjølvsagt kan.

Ho trur likevel at større feilsteg alltid vil bli oppdaga.

– Ved omsorgsovertaking er det eit system der vi blir sjekka i korta, alt skal dokumenterast. Det er advokatar og foreldra får kome med sine nyanseringar og forklaringar. Eg er sikker på at dersom vi gjer feil, blir vi stoppa.