Då NRK innbaud til Juleparty laurdag, var det med stryningen Helge Sunde i ei sentral rolle som dirigent og arrangør for KORK (Kringkastingsorkesteret).

Sunde sin innsats vart flittig kommentert i sosiale medium etter konserten.

– Årets NRK-øyeblikk var å høre den musikalske tryllekunstneren Helge Sunde sine arrangement med alle artistene og KORK på julekonserten produsert av Stig Karlsen. Helt hinsides bra! skreiv artist og styremedlem i Rikskonsertene, Askil Holm, på Facebook etter konserten. Eit ekstra humoristisk og minneverdig innslag vart då Sunde sette seg til flygelet og, på oppmoding frå programleiar Silya Nymoen, framførte When you wish upon a star. Med Donald-røyst!

Her kan du sjå Helge Sunde si heilt særeigne utgåve av When you wish upon a star (og resten av sendinga). Lenkja er gjengjeven med løyve frå NRK