Sjetteklassingane ved Tonning skule hadde med seg fadderborna sine i 1. klasse rundt i sentrum måndag. Mellom anna samla elevane seg på Per Bolstad plass der dei song og gjekk rundt julegrana.

- Dette er ein flott juletradisjon vi har hatt blant faddarane og fadderborna i mange år ved skulen, seier lærar Hilde Ullebø Hool.