Det var mange som nytta høvet til å ta ein pause frå julestria og få med seg eit assortert utval av julesongar og -melodiar på julekafé li Kulturhuset aurdag ettermiddag. Det måtte inn meir av både bord og stolar før alle hadde fått plass. Jorun Irene Erdal, Stine Storevik og Jon Are Steen skapte lun julestemning og baud på ein rikhaldig musikalsk meny, frå svingande amerikanske julehits til dei vakraste og varaste av dei norske julesongane.

Publikum song villig med på allsongane, og viste elles at dei sette stor pris på det dei fekk servert. Meir om konserten i tysdagsavisa.

Her er ein bitteliten smakebit frå konserten: