Politiet i Stryn har gjort fleire beslag av doping den siste tida. Dei åtvarar mot bruk og varslar auka fokus mot doping i tida som kjem.

– Doping er ulovleg. Årsaka til det er enkel; bruk av doping er farleg. Difor har politiet fokus på doping og vil intensivere dette i tida som kjem, seier politibetjent Jan Tore Sunde.

Strynepolitiet pågreip for ei tid tilbake ein utanlandsk statsborgar med midlertidig bupel i Stryn for bruk av doping, rett og slett fordi politiet gjennom sine eigne rutinar oppdaga misbruket.

– Det vart funne 22 dagsdosar doping i form av anabole androgene steroider på mannen sin bupel. Han erkjente bruk, og har akseptert bot. I tillegg førebur no UDI utvising frå Norge på bakgrunn av saka, seier Sunde.

Han opplyser at det tidlegare i haust er gjort beslag av doping både i Stryn og Eid, frå fastbuande i distriktet.

Vart ulovleg i 2013

– Etter 2013 har all befatning med dopingmidlar vore forbode. Samtidig ser vi at det er enkelt å få tak i dop. Ungdom som kjem i kontakt med dopingmidlar blir yngre. Vi ønskjer å åtvare både fordi bruken er helsefarleg og fordi ei politisak kan få store konsekvensar for dei som hamnar i strafferegistreret, seier Sunde.

– Folk som bestiller dop på nett veit aldri kva dei får. Dermed heller ikkje kva dei puttar i kroppen. Det kan få store konsekvensar. Vi veit at bruk av dop fører til psykiske lidingar. Det kan føre til angst, bekymring, ein kan bli manisk depressiv, aggressiv og få personlegheitsforstyrrelsar. Fysisk kan bruk av dop føre til at hjartet veks med høgare risiko for hjarteinfarkt. Dop kan hindre vekst på ungdom som ikkje er ferdig utvaksne og menn kan bli sterile. Mange av brukarane veit om nokre av desse effektane. Difor er det vanleg at vi ved beslag av doping og finn antidepressiva, seier Sunde.

Ønskjer tips

Han seier politiet ønskjer tips frå folk som har mistanke om bruk av doping, både frå treningssentra og andre. Han oppmodar særleg foreldre om å følgje med.

– Folk som dopar seg får merkbart større muskelmasse og har som regel behov for å vise seg fram. Både i treningssentra, på sosiale media og elles. Difor er det ofte enkelt å sjå kven som driv med doping. Ta kontakt med politiet, er oppmodinga frå Jan Tore Sunde.

Beslag: Noko av beslaget som vart gjort på bupel til mannen som no er bøtelagt og som risikerer utvising frå Norge. Foto: Bengt Flaten