Dobbelt så mykje til Frelsesarmeen

Ved julegryta: Jens Valaker t.v. og Solbjørg Leite var mellom dei mange som nytta høvet til å putte ein skjerv på julegryta. Her saman med initiativtakar Sonja Moen.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Det kom inn over 9.000 kroner i Julegryta til Frelsesarmeen i år, over dobbelt så mykje som i fjor. Tusen takk til alle som gav! seier ein glad initiativtakar, Sonja Moen, til Fjordingen.

Frelsesarmeen si julegryte har stått utanfor Enten eller-salongen i Stryn i heile advent, og mange har nytta høvet til å gje ei gåve til mat, kle og andre tiltak til trengande.