Redd synet, bruk vernebriller

Illustrasjonsbilde.  Foto: Tryg Forsikring

Nyhende

Dei to siste nyttårsfeiringane har 30 personar fått alvorlege augeskader som følgje av bruk av fyrverkeri, viser tal frå Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB).

Ingen av dei skadde brukte vernebriller.

– Vernebriller er ei billeg forsikring mot å få gjenstandar i augene på nyttårsaftan. Ansiktet er spesielt utsett denne kvelden, og det er fort gjort å få gneistar frå stjerneskot eller fyrverkeri i augene. Difor anbefalar vi alle å ha på vernebriller heile tida når du er i nærleiken av fyrverkeri eller stjerneskot. Og dette gjeld både vaksne og barn, seier Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

I fjor fekk 18 personar augeskader. Ingen av dei skadde brukte vernebriller. Det vart meldt inn totalt 47 personskader på fingrar, ansikt, hørsel og auge i fjor. Tre av fire skadde i fyrverkeriulukker dei siste sju åra er menn.

– Det er betenkeleg at ti av dei som fekk personskade i fjor var under 18 år. Dette sjølv om det er 18 års aldersgrense for kjøp og bruk av fyrverkeri. Alle, både den som skal fyre av fyrverkeriet og dei som ser på, bør bruke vernebriller. Også ved bruk av stjerneskot er det viktig å bruke vernebriller, slik at borna ikkje får gneistar i augene, seier han.

Alkohol og fyrverkeri er livsfarlig

Dei fleste personskadene skjer når folk tenner på fyrverkeri i alkoholpåverka tilstand.

– Kombinasjonen av alkohol og fyrverkeri er livsfarleg. Kvart eineste år ser vi eit hopp i skadestatistikken ved årsskiftet, særleg rundt brann og personskader. Vi ville fått langt færre fyrverkeriskader på personar og eigedelar om folk var meir merksame på kor farleg det egentleg er med fyrverkeri når dei har drukke. Fyrer du opp monsterbatteriet ditt bør du absolutt vere edru, seier Brandeggen.

Skadene treng ikkje vere sjølvforskyldte. Mykje skuldast andre si uforsiktigheit eller rett og slett hærverk, men det er likevel mykje du sjølv kan gjere for å unngå at det er du som vert ramma av ei skade eller ulukke.

Rydd opp restane med ein gong

Fyrverkeri er eksplosivar og sjølv små mengder er nok til å gje livsvarige skader. Det er forbode å overlate fyrverkeri til mindreårige.

– Hugs at det er dei vaksne sitt ansvar å sørgje for at barn og unge held trygg avstand under oppskyting av fyrverkeri. Og ikkje gløym å rydde. Mange born finn restar av fyrverkeri første nyttårsdag. Hugs difor å rydde opp etter deg om du har skote opp fyrverkeri, slik at ingen skadar seg på det du har late ligge igjen, seier Brandeggen.

Slik får du en tryggere nyttårsfeiring

Ha nok vernebriller til alle.

Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid medan det ennå er lyst ute.

Les bruksrettleiinga nøye før bruk.

Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd.

Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte.

Bøy deg aldri over antent fyrverkeri.

Ikkje tenn fyrverkeri på nytt om det ikkje tenner ved første forsøk.

Hald god avstand frå oppskytinga.

Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman.

Kommunen kan innføre lokale bestemmelsar om bruk av fyrverkeri.

Som regel er det forbode å bruke fyrverkeri på andre dagar enn nyttårsaftan mellom kl. 18 og 02.

Mange born leitar etter restar av fyrverkeri første nyttårsdag. Hugs difor å rydde opp etter deg om du har skote opp fyrverkeri, slik at ingen skadar seg på det du har late liggje igjen.