– Endeleg ute på anbod

Omsorgssenteret i Hornindal får ei etterlengta opprusting med blant anna nye dører og vindauge.Foto: (Arkiv) Harald Vartdal

Nyhende

Det var ein tydeleg letta rådmann som kunne informere Hornindal formannskap om at anbodet for utskifting av dører og vindauge, samt etterisolering av tak i fløy B og C, ved omsorgssenteret, no er lagt ut på den offentlege anbods-portalen Doffin.

Tiltaket var løyvd pengar til i budsjettet for 2017, men grunnlaget for anbodsprosessen vart klart først no. Fristen for å levere tilbod på totalentreprisen er sett til 9. februar.