Då Loen Skylift opna i mai  i år vart det budsjettert med 55.000 besøkande. Allereie etter 70 dagar var målet nådd, og talet på besøk er ved årsslutt registrert til heile 92.000.

Dette talet er sjølvsagt sals- og aktivitetsansvarleg, Odd Rune Flo, særs fornøgd med.

– Sesongen har vore over all forventning, og vi må nesten klype oss i armen når vi tenkjer på tal besøkande og tilbakemeldingar frå publikum. Vi hadde ei god opning, og då juni og juli var over visste vi at vi hadde treft med konseptet, seier Flo, som ikkje legg skjul på at dei i 2018 satsar på å bryte grensa på 100.000 besøkande.

30.000 i juli

Berre i juli vart det registrert over 30.000 besøkande.

– Spennvidda i dei som besøker oss er stor, og dette er eit godt tilbod for alt frå rullestolbrukarar til basehopparar. I sommar var det mange turistar og nordmenn på gjennomreise som tok skyliften, men vi har også hatt godt med besøk frå lokalbefolkninga, og desse har ofte med seg sine gjester igjen. Dei lokale har i det heile vore veldig positive, og vi har i tillegg selt fleire årskort enn vi trudde, seier Flo, som meiner at det gode besøket i år gir ein ekstra tryggheit for produktet. Nye planar er allereie i støypeskeia.

Vil utvikle området

– Vi har fleire tankar og planar for framtida, mellom anna har det vore synfaring i terrenget på Hoven med tanke på å utvikle området endå meir. Vi har fått trakkemaskin på plass, og skiløypa på godt 1,5 kilometer er teken i bruk.

På nyåret vil ein akebakke ha høg prioritet samt andre prosjekt, seier Flo, som har registrert at nokre har overnatta i telt rundt Hoven, og fleire har vore på topptur i området. Flo seier at det er gledeleg at så mange nyttar området.

Mål om 100.000 besøkande

– Vi har slått budsjett både når det gjeld omsetnad og resultat, og vi har fått eit godt første år, seier Flo, som seier at dei vil kome tilbake til endelege tal på nyåret.

– Resultatet gjer uansett at vi kan utvikle oss vidare, mellom anna på aktivitet, byggmessige ting, servering og parkering, seier Flo.

– Vi har heilt klart eit mål om å nå 100.000 besøkande i 2018. Det er eit naturleg mål i og med at vi var ganske nære i år, og vi har tru på det, avsluttar ein optimistisk Flo.

Fleire planar ligg i støypeskeia for området rundt Hoven. Foto: Roger Oldeide