Bad om gatelys med poesi

Bad kommunen om gatelys i Utvik med dikt

Illustrasjon Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I følge Oddvar Valaker har det ikkje vore lys i gatelyktene på Øvre Valaker i Utvik i heile haust. Dette har han informert kommunen om; i form av eit dikt;

- Her på Valaker, vi går og my-se. Vi ville so gjerne ha sett ly-se. Gate-lysa i haust, ha no vore totalt mørke, sjølv om da no ikkje ha vore heilt tørke. So no håpar vi, kommunen, nokre pengar over oss dry-se.

- Håpar litt poesi kan skunde på straumførarane, avsluttar Oddvar Veiteberg, busett på Øvre Valaker.

- Det har vore ein del utfordringar knytt til gatelys i Utvik etter flaumen, men det meste kom på plass i desember. Er det framleis stader der som ikkje har fått lys så må vi ta tak i det, seier assisterande avdelingsleiar for kommunalteknikk, Anders Maurset til Fjordingen.

- Korleis ser de på poesi som kommunikasjonsform inn til kommunen?

- Hehe, det er jo arti det. Det er ikkje kvar dag vi ser slikt i postlistene, seier Maurset.