Januar

03. Hopland kraft har vore i drift ein knapp månad. Dette er det nest største kraftanlegget i kommunen.

06. – Det trengs større openheit om psykisk helse, seier skodespelar Anna Brochmann(23) frå .

06. Stryn Energi legg ny røyrgate frå Svingesetvatnet til Dalane Kraftverk. Saman med ny turbin og generator vil dette doble produksjonen.

10. Jarle Midthjell Gjørven leverte igjen toppresultat i skiskytterløypa. Fjerdeplass i norgescupen var eit comeback etter kreftsjukdomen.

10. Gry Elverum er i gang med rehabilitering av kjellaretasjen i Kirkhorn skule. Der skal det bli pub og kafé.

13. Olden Brevatn permitterer alle tilsette 50 prosent. Dei gir Rema 1000 deler av skulda sidan dei ikkje lenger vil selje Olden.

13. Norva 24 kjøper seg opp i den danske septikmarknaden.

17. Over hundre hopparar og kombinertutøvarar deltok under norgescupen i Bjørkelibakken.

17. Johannes er utteken til VM i Hochfilzen, ein sjukdomsforfølgd Tarjei har enno ikkje fått prøve seg i verdscupen.

20. Inger Marie Svingeset leier 250 medlemmar i Norsk Bygdesagforening frå kontor i Stryn.

24. Folk i Vikane reagerer på framlegget til linjeval for ny E39. Både i Innvik og Utvik vil mykje dyrka mark bli øydelagd.

24. Johannes Thingnes Bø jublar for sesongens første verdscupsiger.

27. Møbeltekstilprodusenten Innvik AS fortel om 42 prosent auke i eksporten i 2016.

27. Nordfjord AS investerer for 116 millionar i bygg og utstyr.

31. Aksel M. Meland og Vegard Skrede henta henhaldsvis gull og sølv under junior-NM i skiskyting.

31. Det vart felt totalt 1.032 dyr i Stryn og Hornindal under hjortejakta i 2016.

Februar

07. Ungdommens kulturmønstring for Stryn og Hornindal vart ein allsidig og tettpakka festkveld.

07. Tarjei Bø tok seg til VM med ein naudskrik. Utan løp før i sesongen grunna sjukdom heldt likevel 6. og 2. plassen frå IBU cup til VM-plass.

10. 700 møtte opp på NAV si jobbmesse i Loen.

10. Stryn kommunestyre vedtek bygging av ny barnehage i Innvik og vidareføring av barnehagen i Utvik.

14. Johannes Thingnes Bø med sølvmedalje både på sprint og jaktstart i VM i Hochfilzen.

14. Stryn Musikklag med strålande nyttårskonsert saman med gjesteartist Helene Bøksle. Bernt Ragnvald Veddegjerde fekk draumen oppfylt då han song duett med artisten.

17. 9. klassingar ved Stryn ungdomsskule inviterte til sitt årlege Grand Prix-arrangement i kulturhuset.

21. Johannes med ny sølvmedalje på den avsluttande fellesstarten i VM.

24. Tre personar vart pågripne i Lom, sikta for innbrot ved ein minibankterminal i Stryn.

24. Coop opna Extra-butikk i Stryn, fire år etter at dei sist var representert i kommunesenteret.

24. Hornindal skisenter mottok 100.000 kr frå Indre Sunnmøre Gjensidige til anlegg for snøproduksjon.

28. Ordførar Sven Flo tek sterkt til orde for å få på plass eit blålysbygg for politi, brann, redning, ambulanse og kanskje også Røde Kors.

28. Treskifestivalen samla også i år mange strikkegenser- og vademelskledde deltakarar.

28. Oskar Guddal Breivik, Markane IL, imponerte stort og gjekk heilt til topps i hovudlandsrennet i skiskyting.

Mars

03. Hornindal Eigedomsutvikling byggjer ut fire nye sentrumsnære leilegheiter. På få år har dei bygd ut totalt 29.

03. Ketil Rasmussen gir seg etter 27 år som kulturskulerektor.

7. Anders Fannemel og det norske hopplandslaget tok VM-sølv i lagkonkurransen.

7. Stryn med fire KM-titlar i futsal for aldersbestemte lag.

7. Humorshowet Gudvalds Tidende fylde Stryn Kulturhus.

10. Ungdomsskuleelevar får lære dataprogrammering av Vendanor i spennande skule-bedriftsamarbeid.

10. Upstairs Stryn vart kåra til Årets handelsbedrift av Nordea.

10. Stryn sin nye rådmann, Rune Hovde, er på plass.

14. Huseigarar i Hokelstegen i Stryn er uroa over omfattande sprengingsarbeid ved hustomt. Store steinar i hagane og øydelagde ruter skræmer.

17. Flyktningtenesta og politiet i Stryn samarbeider om ein forelesningsserie mynta på ungdom med flyktningbakgrunn.

21. Stryningane Tarjei Bø og Kristen Magne Kleppe var begge på plass i Holmenkollen. Bø for å prestere i løypa, Kleppe som trufast funksjonær.

21. Strynerussen får ros for revyen «Reprise med strynerussen 2017».

21. Rasfare gjorde at årets utgåve av Stryn Rando 3000 vart til 2200 i staden. Men 130 starta og Kilian Jornet imponerte med tida 2.18.49. Kongepokal gjekk til Lars Erik Skjervheim.

24. Minibankinnbrotet i Stryn ser ut til å ha samanheng med fleire andre stader, og ber preg av profesjonell utføring.

28. Mari Jacobsen frå Hamar er tilsett som dagleg leiar for Jostedalsbreen nasjonalparksenter.

28. Jarle Midthjell Gjørven og Johannes Thingnes Bø frå Markane IL bidrog til stafett-gull for Sogn og Fjordane i NM i skiskyting. Bø tok også gull på sprinten.

28. Stryn sine handballherrar klarte opprykk til 2. divisjon.

31. Mjølkebonde Per Ståle Lillestøl fekk besøk i fjøset av landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

April

04. Stryn ungdomslag imponerte med teaterframsyninga Robin Hood.

04. Gry Elverum fortel om ein god start for Løvland spiseri og pub.

04. Felespelaren Britt Pernille Frøholm til topps i Fylkeskappleiken.

7. Fjordingen får vere med på prøvetur i gondolen til Hoven. Det er seks veker att til Dronninga kjem og opnar den nye attraksjonen.

11. Jørn Brendefur fortel om vegen tilbake til livet etter den dramatiske vintermorgonen då naboen fann han livlaus i snøen.

11. 350 gjekk det 50. Holmøyskarrennet.

18. Fleire solskinnsdagar og litt påfyll av snø bidrog til at mange fann vegen til fjells i påskehelga.

18. Josefine Agathe Hove frå Hornindal satsar på ei framtidig skodespelarkarriere når ho til hausten startar ved teaterskule i England.

18. Stryn Ping Pong klubb gav vekk 152.000 kroner til lag og organisasjonar under Irsk fest palmehelga.

21. Turistsesongen er allereie i gang i Briksdalen og aldri før har det vore så mange førehandsbestillingar så tidleg på året.

21. Det er usikkert om rundbygga ved Hornindal skule kan rivast når ein snart skal starte utbygginga ved skulen.

25. Minibank-innbrota i Stryn vert sett i samanheng med liknande innbrot andre stader i Europa. Representantar frå politiet i Stryn reiser til Europol i Haag for å utveksle innformasjon.

25. Olden Brevatn er tilbake i full produksjon etter permitteringane i vinter.

25. Vikane Sau og geit feirar 50-årsjubileum.

25. Hornindal og Volda har fått inn mange bidrag i namnekonkurransen med tanke på namn til nyekommunen.

28. Helseminister Bent Høie fekk helse på Borghild Næss (101) ved Stryn omsorgssenter.

28. Johan Flo & søn. fyller 100 år.

28. Heidi Vederhus er tilsett som ny helse- og sosialsjef i Stryn. Ho tek over etter Berit Wetlesen, som har site som etatsleiar i 31 år.

Mai

2. Nye Stryn helsesenter offisielt opna.

2. Stryn sine jenter 16 år til topps i nok eit vellukka Nordfjord-cup arrangement.

5. Få bekymringsmeldingar frå barnehagane uroar Barnevernet. I 2015 og 2016 var det berre ei melding trass 400 born.

5. Statens vegvesen håpar på anleggsstart av ny tunnel til Blakset tidleg 2019.

5. Indre Nordfjord Turlag feirar 40 år.

9. Agnes Os Blaalid har fått att bunadssølja ho mista i 17. mai-toget i 1966.

9. Indre Nordfjord fjordhestlag og Stryn sau og geit er uroa over rivingsplanane for den gamle delen av utstillingshallen.

12. Over 500 skuleelevar deltok på Tine-stafetten i Hornindal.

12. Singerheimen og «Vanberg Heimtun» var dei lokale kulturminna som fekk mest frå Kulturminnefondet, med henhaldsvis 300.000 kr og 371.000 kr.

16. Nomek leverer fleire mobile avvatningseiningar til Danmark.

16. Esso i Stryn feirar 50 år.

19. Nasjonaldagen vart feira i strålande sol.

19. Namnenemnda tilrår at kommunen Hornindal og Volda skal heite Volda.

19. Stryn slo erkerival Eid 6-1 i den tradisjonsrike 16. mai-kampen.

23. Mykje folk møtte fram i strålande sol då Loen Skylift og anlegget på Hoven vart opna av dronning Sonja. På kvelden var det Party Heaven og konsert med Highasakite på restauranttaket på fjelltoppen.

23. Lokale politikarar og lokalt næringsliv kjempar for å få rv 15 Strynefjellet omtalt i nasjonal transportplan.

26. Det lokale dykkarfirmaet O.E. Hagen har investert 10 millionar i ein svært spesiell ubåt.

26. Briksdalsbreen har blitt litt tjukkare melder geolog Atle Nesje.

30. Visit Nordfjord og profileringsverksemda Creuna mottok pris under European Design Awards for den nye profilen til Nordfjord.

30. Per Egil Flo tjekkisk meister med sin nye klubb Slavia Praha.

Juni

2. Stryn sommarski fryktar nedlegging i 2019 visst framlegget frå fylkeskommunen om utsett vegopning til 15. juni blir ein realitet.

6. Det var sydlandsk stemning under den 11. motorfestivalen. Ein reknar med at omlag 10.000 besøkte sentrum denne dagen.

6. Loen IL tildelt 1,9 mill. i spelemidlar til kunstgrasanlegget.

9. Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal vedtok å fullføre reguleringsplanen for fv 60 Tomasgard-Røyrhus bru.

9. Wojciech Flaczynski klatrar opp Via ferrata i Loen med sykkel på ryggen!

13. Rv 15 Strynefjellsvegen er tilbake i Nasjonal transportplan for 2018-2029.

16. Vendanor opplever eventyrleg vekst med tredobling av omsetnaden og dobling av tal tilsette.

16. Ny tenderkai i Loen teken i bruk. Denne skal vere avlastning for kaia i Olden.

16. Stryn fotball er klare til å ta i bruk den nye kunstgrasbana som erstattar den gamle grasmatta.

20. Unge bønder i Hornindal investerer til saman kring 25 millionar i utvida og meir moderne drift.

20. Deltakarrekord med 106 lag på Grodås-cup.

20. Ketil Rasmussen tildelt Arnoldprisen.

23. 12.000 følgde Loen Skylift første månad.

23. Kåre R. Haugen frå Hornindal er godt i gang med ei bok der mellom anna alle gruppebilda av konfirmantar i perioden 1930 og fram til i dag er med.

23. Josefine Agathe Hove frå Hornindal får sentral rolle i ny NRK-dramaserie.

27. Pretre i Stryn er landets største produsent av komplette takverk. I 2016 vart resultatet på nær 20 millionar kroner.

27. Nysatsinga Midtsommarrock på Per Bolstad plass fekk omlag 700 besøkjande på konsertane med blant anna Return.

30. Moods of Norway melder om 26,7 millionar kroner i minus i 2016.

For Bernt Ragnvald Veddegjerde vart ein draum sann då han song duett med artisten Helene Bøksle under Stryn Musikklag sin nyttårskonsert. Foto: Anne- Mari Aalberg
Med Josefine Agathe Hove (t.h.) i spissen, som Prins Johan, vart Stryn ungdomslag si oppsetjing av teaterstykket Robin Hood ein ubetinga suksess. Foto: Anne- Mari Aalberg
Det er blitt tradisjon at 9. klassingane ved Stryn ungdomsskule arrangerer sin eigen vri av Grand Prix for slekt og familie i Stryn kulturhus. I år overraska lærarane med dette innslaget i pausen. Foto: Sigrid Heggestad
Stryningane Tarjei Bø og Kristen Magne Kleppe var begge på plass i sesongavslutninga. Tarjei i løypa, Kristen som løpegut. Foto: Thomas Thaule
Janne og Vidar Gausemel (t.v.), Morten Taraldset, Anders E. Kristensen, Eline Fannemel med Edvard. Fremst: Erika og Elling. Foto: Roy Aron Myklebust