Fjelljar blir hamnesjef i Aurland

Jostein Lange Bergset (29) frå Fjelli byrjar i april som hamnesjef i Aurland. Han er i følgje Havnemagasinet truleg landets yngste.

Frå kyst til fjord Jostein Lange Bergset frå Fjelli byrjar i april i stillinga som hamnesjef i Aurland. – Med sine 29 år er han truleg yngst i landet i stillinga som hamnesjef, skriv Havnemagasinet. I dag jobbar Bergset som driftsleiar i Flora Hamn KF, og her ser vi han avbilda framfor den nyaste fiskerikaia i Florø.Foto: Privat

Tilbake til cruise Då Jostein Lange Bergset jobba som havneinspektør i Tromsø var også cruisetrafikk ein viktig del av jobben. Her avbilda på kaia i Tromsø framfor MSC Pooesia.Foto: Privat

Nyhende

Bergset er i dag driftsleiar ved Flora Hamn FK og tek til i stillinga som hamnesjef i april. Han gler seg til jobben som ventar i turistkommunen Aurland, og med Flåm sine 150-160 cruiseanløp vert han sjef for den fjerde mest besøkte cruisekaia i Norge.

– Ja, det blir ganske spennande. Litt likt det eg dreiv med i Tromsø. Det har vore mindre av cruise i Florø, her er det berre eit par skip i året, fortel Bergset.

Han har vore stasjonert i Florø dei siste fire åra, og har i periodar fungert som konstituert hamnesjef her. Før det var Bergset ei tid på sjøen og hausta erfaring frå ulike fartøy. Frå vaktbåt i Barentshavet til Barmen-ferja i Selje. Utdanninga er innan akvakultur.

– Eg tok fagbrev i akvakultur i Måløy. Etter det jobba eg ei tid med settefisk på land, og laks og aure i sjø. Men det tok ikkje så lenge før eg starta på forkurs ingeniør og maritime fag i Ålesund, fortel Bergset.

Ulukke stoppa planane

Ambisjonen var styrmannutdanning, og i 2010 byrja han på nautikk m/ingeniør ved universitetet i Tromsø. Samstundes fekk han jobb på hamnevakta som tilkallingsvikar. Etter eit år med studiar fekk han tilbod om eit årsvikariat og studiane vart sett på vent. Men ei ulukke gjorde at dei aldri vart tekne opp att.

– I 2012 var eg uheldig på redningsskøyta der eg arbeidde som frivillig. Eg fekk ein kakk i hovudet på eit bergingsoppdrag og skada samsynet, fortel 29-åringen.

Miljøutfordring

Men han har funne seg godt til rette med ei rolle på land i staden, og no ser han fram mot utfordringane som ventar i Flåm og Aurland. Frå godstrafikk i Florø er det turisttrafikk som no blir hovudfokus.

– Det kan eigentleg ikkje samanliknast. Det må sjå finare ut. Ein må også tenkje meir sikkerheit. På industri er målet færrast inn på området, fortel Bergset.

Han trur jobben vil kreve stor grad av omstillingsevne og at miljøaspektet vert ein av dei største utfordringane i jobben.

– Korleis få berekraftig cruise er nok den største utfordringa. Det er lagt ned mykje godt arbeid allereie, men eg meiner Flåm skal vere blant dei beste. Med si tilhøyrsle til verdsarvområdet så bør vi vere blant dei beste i klassen, seier den komande hamnesjefen.