Inviterer til idésmie

Inviterer ti «Idésmie»: Kirsti Pernille Indreeide er prosjektmedarbeidar for «Ny næring på gamle tufter». Foto: PrivatFoto: Privat

Nyhende

Tysdag vert det invitert til «idésmie» i Hornindal med informasjon om prosjektet «Ny næring på gamle tufter».

– Kva er «Ny næring på gamle tufter», og kven står bak?

– Bakgrunnen for prosjektet er samanslåinga mellom Volda og Hornindal til «Nye Volda». Då vart noko av omstillingsmidlane sett av til næringsutvikling, og det vert jobba med å utgreie om ein kan bygge opp ein regional næringshage i Smia i Hornindal, sidan dette bygget ikkje skal fungere som rådhus etter samanslåinga, seier Kirsti Pernille Indreeide, prosjektmedarbeidar for «Ny næring på gamle tufter». Ho har sjølv røter frå Kjøs (Botnen) i Hornindal, og er mellom anna kjend som dyktig drivar av Petrines Gjestgiveri i Norddal i mange år.

– Kven finansierer prosjektet?

– Volda kommune er «prosjekteigar» og finansierer prosjektet saman med Hornindal kommune, i tillegg til omstillingsmidlar.

– Kva er prosjektet meint å resultere i av konkrete mål?

– Førebels hovudmål er å sikre eksisterande og utvikle nye arbeidsplassar innanfor natur- og kulturbaserte næringar, landbruk og reiseliv, og i skjeringsfeltet mellom desse.

Målgruppa for møtet på Smia er næringsdrivande, næringsorganisasjonar, verkemiddelapparatet og bygdelaga i Hornindal, Volda, Ørsta, Stranda og Stryn.

– Kva praktisk nytte vil deltakarane ha av eit slikt møte?

– Deltakarane vil få oppdatert informasjon om status i prosjektet, høve til å kome med spørsmål og innspel til «Næringshage-ideen» og til prosessen og dessutan vonleg få nye kontakter på tvers av kommunegrensene og bli inspirert til å tenkje nytt innan næringsutvikling, seier Kirsti Pernille Indreeide.

Prosjektleiar Else Ragni Yttredal vil informere om prosjektet, og dessutan er det m.a. lagt opp til gruppediskusjonar. Der vil deltakarane mellom fleire tema diskutere kva ein næringshage med fokus på naturbaserte næringar kan gjere for å bidra til vidareutvikling og nyskaping innan feltet, og kva fellestiltak og prosjekt næringshagen bør prioritere for å løfte fram desse næringane breitt i Volda, Hornindal, Ørsta, Stranda og Stryn.

– Førebels har vi fått mest påmeldingar frå verkemiddelapparatet, men vi vonar at også næringsdrivande og gründerar tek turen til Smia, seier prosjektmedarbeidar Kirsti Pernille Indreeide.