Verdscupen skiskyting

Tredjeplass etter superlangrenn

Johannes Thingnes Bø opna med to bom på første serie på dagens sprintrenn, men takka var eit gnistrande langrenn heldt det likevel til tredjeplass. Foto: (arkiv) Vegar Breie

Nyhende

Johannes Thingnes Bø dokumenterte solid langrennsform i løypene i Oberhof då skiskyttarane møttes til ny dyst og sprint i verscupen fredag. Trass to bom på den første skytinga, var det ikkje med meir enn ti sekunds margin Martin Fourcade gjekk sigrande ut av den første duellen i 2018. Fourcade skaut fullt hus og vart slegen med nærare halvminuttet i løypa av stryningen. Emil Hegle Svendsen slo Bø med 2,1 sekund etter to fulle hus, og tok ein etterlengta pallplass.

Også Tarjei Bø gjekk eit flott løp. Han pådrog seg berre ein bom, den kom på den ståande serien. Med eit langrenn av godt, gammalt merke var eldstebror Bø med og kjempa om den siste pallplassen, men måtte gi tapt med få sekundar til Tim Burke og landsmann Svendsen. Han vart til slutt nummer fem.

Laurdag er det duka for ein spennande jaktstart.