Stryn kommune vil auke fokus på digitalisering i 2018:

– Det vil bli meir sjølvbetening

Det har vore snakk om at Stryn kommune står føre ein «digital revolusjon» i 2018. – Men vi skal ikkje slutte å snakke med folk, forsikrar rådmann Rune Hovde.

Må spare pengar Stryn kommune må spare pengar og eit ledd i dette er meir fokus på digital kommunikasjon, seier rådmann i Stryn kommune, Rune Hovde.Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Stryn kommune skal spare fem millionar kroner i 2019 og 10 millionar i 2020. Fram til påske skal ei styringsgruppe ha utarbeida ein plan på korleis kommunen skal spare inn desse pengane, kalla «prosjekt 2018».

Undervegs skal Stryn kommune legge inn ein offensiv i å digitalisere meir av tenestetilbodet sitt i 2018.

– Du har sagt at Stryn kommune står føre ein digital revolusjon. Kva inneber dette?

– Digitaliseringa har gått føre seg i mange år, men i lys av prosjekt 2018 så vil digitaliseringsprosessen bli viktig for oss, seier rådmann i Stryn, Rune Hovde.

Større grad av sjølvbetening

Hovde fortel at Kommunal- og moderniseringsdepartementet inviterte kommunar til eit møte om dette.

– Det er ei rekkje falsettar på dette. Til dømes utarbeider vi ei ny heimeside der det skal bli enklare å vere sjølvbetent med å hente ut skjema etc. Vi vil oppmode fleire, og alle som kan, til å nytte digipost, seier rådmannen.

Han legg til at dei fleste ikkje vil merke så mykje til denne overgangen.

– Fleire og fleire blir stadig meir fortrulege med digital kommunikasjon og vi vil nytte dette så langt det let seg gjere. Når det er sagt så skal vi ikkje slutte å snakke med folk. Vi vil framleis ta imot papirbrev, seier Hovde.

– Stort potensial

– Meir digital kommunikasjon betyr færre papirbrev. Har de tal på kva kommunen vil spare på dette?

– Ikkje på ståande fot, men det er ingen tvil om at det er eit stort potensial til innsparing på dette. Vi vil kunne frigjere og flytte på ressursar i kommunen, forklarar han.

Hovde legg til at det er mykje pengar som skal sparast inn over kort tid.

– Då må vi vere villig til å gå igjennom både kva tenester vi produserer og i kva omfang og kvalitet desse skal produserast på. Vi vil vurdere tilsettingar som skal gjerast når ei stilling blir ledig etter naturleg avgang, seier rådmannen.

Dei konkrete svara er det styringsgruppa i «Prosjekt 2018» som vil gi svar på. Gruppa har første møte fredag.