Bø-brørne på pallen

Men ingen kunne slå franske Fourcade under jaktstarten laurdag

På pallen Tarjei og Johannes T. Bø kom begge på pallen under jaktstarten i Oberhof laurdag. Her frå Östersund   Foto: Norges Skiskytterforbund (Arkivfoto)

Nyhende

12,5 kilometer jaktstart vart gjennomført i tyske Oberhof laurdag.

Franske Martin Fourcade gjekk i mål på tida 32:23.6. Med tre bomskot går Johannes Thingnes Bø inn til sølv berre 6,3 sekund etter Fourcade.

Halvminuttet etter gjekk Tarjei Bø i mål etter feilfri skyting og sikrar med dette pallplass.

Lagkamerat Emil Hegle Svendsen tok fjerdeplassen.