Front mot front

Slapp uskadde frå front mot front-kollisjon i Loen

Front mot front Ulykka skjedde omlag ein kilometer frå Loen sentrum i retning Olden  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det har vore ein front mot front kollisjon mellom to personbilar på FV 60 mellom Loen og Olden, ein snau kilometer frå Loen sentrum. Fire personar var involvert i kollisjonen.

- Det var to personar i kvar bil. Førar av den eine bilen klaga over litt smerter i nakken, men dei andre framstår fysisk uskadde, seier politibetent og innsatsleiar på staden, Jan Tore Sunde.

Det vart gjort rutinemessig promilletest av begge sjåførar utan at desse gjorde utslag, opplyser Sunde.

Det skal ha vore personbilen som kom frå Olden som kom over i feil køyrebane og enda i ein front mot front kollisjon. Det var glatt på staden etter nyleg snøfall.

Vegen var stengt i omlag 1,5 time og det danna seg køar i begge retningar.

Vegen vart opna rundt kl. 13.30.